SPARKESYKKEL: KK-spaltist Fredrik Steen ser ikkje heilt vekk frå at han ein gong i framtida kan prøve ein elsparkesykkel - men då med ironisk distanse. FOTO: John Andresen
SPARKESYKKEL: KK-spaltist Fredrik Steen ser ikkje heilt vekk frå at han ein gong i framtida kan prøve ein elsparkesykkel - men då med ironisk distanse. FOTO: John Andresen Vis mer

Elsparkesykkel:

- Eg ga frå meg eit fordømande fnys

Det er noko eige med menn over 40 med hengemage og e-sigg på sjølvbalanserande, elektriske hjul, meiner KK-spaltist, Fredrik Steen.

Dei elektriske hjula er over oss. Her ein morgon såg eg ein godt vaksen mann rulle seg nonchalant bortetter fortauet med eit elektrisk hjul mellom føtene.

Eg tok meg i å vurdere om det var e-siggen eller e-hjulet som fekk han til å sjå så postmodernistisk ut. Sannsynlegvis var det komboen. Deretter ga eg frå meg eit fordømande fnys i det han rulla slalåm mellom fotgjengarane på fortauet.

Kva er det han trur han er, liksom? Men så gjekk eg nokre grundige runder med meg sjølv, og ga mannen full støtte og ryggdekning. Om du skulle lese dette, Mr. Airwheel med e-sigg i handa: Eg trekk fnyset tilbake! Orsak! (...) For det er klart langt betre å el-rulle til jobb, enn å køyre inn til sentrum med ein forureinande fossildoning som det likevel er umogleg å finne parkeringsplass til.

LES OGSÅ: - Jeg hater elsykler, men digger elsparkesykler.

Bein er best

Slike airwheels ser artige ut, og det kan godt hende at eg kjem til å prøve noko slikt i framtida - med sterk ironisk distanse. Men eg kjem aldri til å skaffe meg noko slikt sjølv, for eg har jo bein å gå på, for pokker.

Beina er nemleg overraskande effektive til persontransport. Om du gidd å halde jamt tempo og humør, kjem du deg forbausande langt på ein god time. For oss som bur i storbyen med trikkar og bussar rundt eitkvart hjørne, er det ekstra stas å sjå at apostlane sine hestar er konkurransedyktige som fy.

Er du i tillegg belemra med ein bil i storbyen, er det i alle fall stas å oppdage at beina som regel trekk det lengste strået. Har eg endeleg lært noko om bilkøyring i Oslo sentrum etter å ha budd her i tjue år? Ja.

Eg prøver å unngå det – for ein kvar pris.

KK-spaltist Fredrik Steen
KK-spaltist Fredrik Steen Vis mer

LES OGSÅ: - Deiligere å være norsk i Dubai enn i Danmark

Vinn-vinn

For eit par år sidan hadde eg eit jobbprosjekt midt i Oslo sentrum, og sidan vanedyret har det med å styre showet, tok eg alltid bilen - utan å stille meg sjølv eit einaste kritisk spørsmål til både tids- og pengebruk.

Sjølve bilturen til Oslo-gryta i morgon-rushet tok omtrent 20 minutt. Deretter måtte eg bruke like lang tid på å finne ein parkeringsplass – til 40 kroner timen – som i tillegg aldri låg nærare enn 15 til 20 minutt gange frå adressa eg faktisk skulle til.

I snitt brukte eg altså ein time på å kome meg dit eg skulle. Men éin dag var bilen på verkstad, og eg tenkte at eg kanskje kunne prøve ut beina - til ei forandring. Og her er det kule: Frå døra mi og fram til jobben tok det 50 minutt, altså ti minutt raskare enn med bil! I tillegg hadde eg svidd av over 300 kaloriar på vegen. Vi snakkar vinn-vinn på alle nivå, brothas and sistahs!

LES OGSÅ: Barna elsker dem - men har de lov å bruke dem?

BEDRE ENN BIL: - Det er klart langt betre å el-rulle til jobb, enn å køyre inn til sentrum med ein forureinande fossildoning. FOTO: Scanpix
BEDRE ENN BIL: - Det er klart langt betre å el-rulle til jobb, enn å køyre inn til sentrum med ein forureinande fossildoning. FOTO: Scanpix Vis mer

Deretter var det gåing for alle penga.

Sykkelen er sjølvsagt òg eit foretrukke transportmiddel. Ein kjem seg kjapt fram, og ein får herleg trening med på kjøpet, men ein må berre ta høgde for at ein fin sykkel vert stolen med ganske jamne mellomrom.

Den største ulempa er likevel el-syklistane. Dei er ofte over 60, og dei har det med å passere deg i dei stupbratte oppoverbakkane. Den klassiske el-syklisten er kry som ein hane, og prøver å overtyde deg med kroppsspråket sitt at alt berre handlar om ein sunn livsstil og gode genar.

Men eg ser batteripakka di, Gerd! Eg ser el-motoren i navet ditt, Asbjørn! Men du skal ha for at du ikkje køyrer fossilbil. Du skal ha for at du ikkje røyker e-sigg medan du syklar.

LES OGSÅ: Åh, du snakkar dialekt! Så artig.

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: