Eli Kari Gjengedal:

14 år ­gamle Eli Kari trakk inn magen

Det var dumt, for ­etter nokre år byrja saumane i bunaden å skrike om hjelp.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Ein dag kor lufta er litt reinare enn elles, løvetannen er litt gulare, og isen smakar litt søtare. Alt blir liksom litt forsterka. Det at vi lever i eit fritt, demokratisk land, eit land kor vi får være oss sjølve. Eit rikt land med gode, grunnleggande verdiar, kor individet vert hylla. Det er som å vinne i lotto for ein kvar verdsborgar. Det å bu i Norge er eit vinnarlodd i livet. Vi har ikkje lov til å klage, er min ­påstand. Likevel gjer vi det, eg òg (eg burde skamme meg).

Men du veit at på 17. mai, då skal bunaden ut av skapet. Min nordfjordbunad også. Altså, for eit forbaska mas! Søljene skal pussast, skjorta og forkleet skal strykast. Stakken skal børstas, og bunadskoa skal pussast blanke og fine. Strømpebukse eller knesokkar i rett farge og utan hol må finnast fram. Hattar og skaut …

Altså, det vil ingen ende ta. Men eg er så stolt over bunaden min. Det å vise alle at eg har røtene mine i Nordfjord, er så stas. Eg kunne velge mellom fleire variantar. Eg valde det ein kallar for kvardagsbunad. Ja, eg veit at ein kvar bunad er ei festdrakt. Men i Nordfjord er det fleire typar bunader til både fest og kvardag.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.