NY ROMAN: Agnes Ravatn er ute med ny roman, Dei sju dørene. Inspirasjon til boka fekk ho då ho fekk kreftbehandling på sjukehuset i Bergen. FOTO: Marius Viken
NY ROMAN: Agnes Ravatn er ute med ny roman, Dei sju dørene. Inspirasjon til boka fekk ho då ho fekk kreftbehandling på sjukehuset i Bergen. FOTO: Marius Viken Vis mer

Dei sju dørene:

Agnes Ravatn om kreftlegen sin:
- Det kjentes nesten som ei forelsking

I sin nye roman utforskar Agnes maktforholdet mellom lege og pasient.
– Som pasient er du svak og utsatt.

Då Agnes Ravatn for snart to år sidan vart oppringt med den overraskande kreftbeskjeden, gjekk ho ikkje ned for telling. Ho tenkte: «Dette må eg kunne bruke i skrivinga.» Ikkje fordi ho har gått på kurs i positiv tankegang. Langt ifrå. Derimot fordi det var det einaste positive med situasjonen

Men i staden for å skrive ein roman om å kjempa seg gjennom alvorleg sjukdom, som ho først trudde ho skulle, har ho no skrive ein roman om legar, statusen dei har og potensialet for maktovergrep.

- Legen vert som ein gud som held livet ditt i hendene sine. Mi eiga beundring for legen min var rett og slett barnsleg. Eg håpte at ho skulle synast at eg var flink og tapper, ein pasient som verkeleg stod ut i mengda, seier Agnes og ler.

Bokhausten er i gong, og Agnes Ravatn er aktuell med romanen «Dei sju dørene.» Denne gongen tek ho oss med til Bergen, og eit vaksent par med ressursane i orden. Nina Wisløff er litteraturprofessor og gift med helsebyråd Mads. Når leigebuaren deira forsvinn sporlaust, vert Nina oppslukt av å finne ut kva som har skjedd.

LES OGSÅ: Lena Kristin Ellingsen om det travle småbarnslivet: - Jeg har mistet kontrollen

- Identiteten vert strippa vekk

No sit Agnes Ravatn i Østbanehallen i Oslo og fortel om korleis vekene på sjukehus inspirerte henne til å skrive denne historia. Snart skal ho setje seg på flyet heim til Valevåg, den idylliske bygda der ho bur saman med mann, to søner, to kattar, 36 villsauer og venen Einar Økland i nabohuset.

INSPIRERT PÅ SJUKEHUS: Då Agnes Ravatn fekk kreft, tenkte ho; dette må eg kunne bruke i forfattarskapet. Det kunne ho. Foto: Marius Viken
INSPIRERT PÅ SJUKEHUS: Då Agnes Ravatn fekk kreft, tenkte ho; dette må eg kunne bruke i forfattarskapet. Det kunne ho. Foto: Marius Viken Vis mer

På halsen har ho eit langt arr etter svulsten ho fjerna. Spyttkjertelkreft var diagnosen. I sju veker budde ho på pasienthotellet ved Haukeland sjukehus medan mannen og og dei to små sønene heldt fram med kvardagslivet på småbruket.

Det var i sjukehuskorridorane at Agnes fekk ideen til sin nye roman, «Dei sju dørene.»

- Det var ei uendeleg interessant oppleving å vere pasient. Du er så svak og utsatt. Du er totalt prisgitt legen din. Du går i sjukehusklede. Du har berre med deg nokre få ting. Identiteten din er strippa vekk. Ingen veit om du er vaktmeister eller stjerneregissør.

Agnes skreiv jamt og trutt dei sju vekene ho fekk stråling. Ho fekk store sår i munnen av strålinga, og levde til dels på næringsdrikkar, men skrive - det skulle ho.

- Eg skreiv for å ha ein identitet. Litt sånn: Eg skriv, eg jobbar, ergo har eg ein identitet.

LES OGSÅ: Linnea Myhre om sin nye roman: Meg, meg, meg

- Burde vore pensum på legestudiet

Agnes fekk fort eit behov for å vere ein slags stjernepasient.

- Eg byrja å idealisere legen min – ei kvinne forresten. Eg tenkte at ho var verdas beste. Det kjentes nesten som ei forelsking, og det vart eg overraska over, så eg byrja å google … og forstod at Freud har skrive ein del om dette. Han kalte det overføring.

- Dette skriv du om i romanen din også. Kva er overføring?

- Det er i hovedsak skildra i relasjonen mellom psykolog og pasient. Freud hevdar at det nesten er uunngåeleg at pasienten på eit nivå vert forelska i psykologen sin. Men det er ikkje forelsking. Det kallast overføringskjærleik.

-I dag veit ein at slik overføringskjærleik kan oppstå i alle relasjonar med maktubalanse, ikkje berre mellom psykolog og pasient. Det kan vere lærar og elev, ansatt og sjef, idrettsutøvar og trenar. Om den som sit med makta, ikkje er klar over desse mekanismane, kan ein i verste fall kome i ein overgrepssituajon. Den svake part har all rett til å ha desse kjenslene og agere på dei, det er den sterke part som har ansvaret for ikkje å svare.

Agnes ler litt over kor oppteken ho vart av tematikken, men det er alvor i botnen.

- Eg veit ikkje om dette er pensum på legestudiet, men det burde det vere. Kvart år er det fleire legar som mistar autorisasjonen etter å ha innleidd forhold til ein pasient, sier ho

- Korleis arta det seg for deg?

- Eg kjende igjen fenomenet instinktivt då eg las om det. Ein har tre hovudtypar overføring: Positiv, som eg opplevde, der eg idealiserte legen min voldsomt. Så har ein negativ overføring, der ein derimot mistrur og vert lite samarbeidsvillig. Den tredje typen eignar seg godt til romanar, der er nemleg overføringa erotisert.

Under behandlinga gjekk Agnes lange turar rundt Haukeland for å vise at ho ikkje var ein som ga opp. Ho samarbeida og var på sitt mest medgjerlege, trassa sprøyteskrekken og ville absolutt ikkje havne i kategorien «vanskeleg pasient». Heile tida visste ho at kreften var kunne kurerast.

- Det kom som ei stor overrasking at eg var ein person som kan tenke positivt. Før tenkte eg at dersom noko rammar meg, då vert det eit patetisk og stygt syn. No tenkjer eg at alvorleg sjukdom, det kan gå bra. Ein tåler meir enn ein trur.

LES OGSÅ: Da Tove Irenes sønn begikk selvmord, etterlot han seg et bokmanus

Fann ein klump under haka

Det starta med ein klump under haka. Spyttsteinar, meinte legane. Agnes vart satt opp til operasjon, men langt fram i tid. Men ho merka at kulen vaks, og ba om ein ny sjekk etter ei stund. Legane framskunda operasjonen, framleis i trua på at dette var ufarleg.

Ei veke seinare sat Agnes på svigermora sitt dødsleie, med babyen sin på åtte månader på armen, då telefonen ringte. «Klumpen var ikkje det vi trudde, det er kreft», høyrde ho dei fortelle. No skulle heile kroppen sjekkast med CT og MR. Neste dag døydde svigermor.

- Vi hadde mykje å ordne den veka vi venta på svar frå legane om kor alvorleg det var, og det var på ein måte bra. Eg fekk Morgenbladet på fredag som vanleg, der hadde Sissel Gran skrive eit essay om alderdom. Eg bladde rett forbi, og tenkte at dette ikkje hadde nokon relevans for meg lenger.

Men heldigvis, kreften hadde ikkje spreidd seg. To operasjonar, sju veker med stråling og ti år med etterkontrollar venta Agnes.

- Det vert kanskje litt rart å møte legen min etter denne romanen, sier Agnes, ler og tek seg i det;

- Nei då, ho er nok ikkje like oppteken av meg som eg er av henne.

«Dei sju dørene», er Agnes sin tredje roman. Førre roman, «Fugletribunalet», vart svært populær og selde over 30.000 eksemplar.

- Var det vanskeleg å følge opp suksessen?

- Eg har gått på jobb kvar dag. Det vil seie over tunet til skrivestova mi. Men eg har ikkje hatt så mykje på hjartet. So plutseleg kom åpningsscena til denne romanen, og ho kom fort. Så moralen er at ein må gå på jobb og prøve sjølv om det står stille.

NY HEIMBYGD: For fem år sidan flytta Agnes Ravatn til eit småbruk i Valevåg. Ho har ikkje angra. FOTO: Scanpix
NY HEIMBYGD: For fem år sidan flytta Agnes Ravatn til eit småbruk i Valevåg. Ho har ikkje angra. FOTO: Scanpix Vis mer

Det er no fem år sidan Agnes forlet Briskeby i Oslo og overtok småbruket i Valevåg.

- Eg er verkeleg overraska over kor lite eg saknar frå byen. Å bu i Valevåg kjennest framleis litt som å vere på sommarferie. Det er så fint å vere del av eit lite samfunn kor alle, unntatt Einar (Økland red anm.), er opptekne av heilt andre ting enn eg er. Det er stimulerande. I Oslo var alle dei eg omgjekk øvre middelklasse, og vi var stort sett einige. No må eg gjere greie for meiningane mine på ein heilt ny måte.

I 2016 tok ho og mannen steget og vart sauebønder. Dei 20 villsauene på småbruket gir ikkje berre ein god bakgrunnslyd til skrivinga med bjellene sine, dei er hardføre med personlegdom og vilje. I den vesle bygda er det plass mellom husa og store jorder å kvile augo på. Og der Agnes før ville tatt fram telefonen for å scrolle, kan ho no gå ut og hogge ved, eller hjelpe ein sau som har rota seg vekk over gjerdet.

- Eg trivst så uendeleg godt. Oslo vest var så ressurssterkt og ambisiøst. Eg tenkte: «Her blir det stritt å halde tritt. Eg må hoppe av før det er for seint.»

LES OGSÅ: -Voksne folk som snakker om å få voksenpoeng - skjerp dere!

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: