Kjenner du nokre gonger at du får lyst å ta ein høneblund? At du er så sigande trøytt og sliten at du køyrer ein ettermiddagslur? Eg har alltid elska å ta ein skikkeleg cowboystrekk etter middag på sofaen. Du og du, så godt eg søv akkurat den vesle timen. Ofte vaknar eg opp urven og fæl og må bruke resten av kvelden på å ta meg inn att. Nokre gonger vert eg skikkeleg flau når eg rullar meg rundt i puter og pledd med litt slev i munnvika og putetrykk på kjaken.
Eg tuslar forbi middagsbordet og ser størkna saus og potetskrell i vill tango med skittent bestikk og vassglas. Eg har rett og slett reist meg rett frå kjøkkenbordet og labba opp i sofaen og i ordets rette forstand duppa vilt inn i høneblunden min.

- Eg brukar det som terapi når eg ligg og ikkje får sove
Eg seier det rett ut: EG ELSKAR å sove middagslur. Og etter at eg kom i overgangsalderen, så er det faktisk svært smart å ta den luren.
Kanskje «lurhetskurva» stig i takt med at eg kjenner at eg verkeleg treng cowboystrekken min. For det å være i overgangsalderen, med hormon som rasar rundt i kroppen, det er ikkje berre ei merkelg oppleving for psyken, men også eit voldsomt stress for kroppen. Kroppen vår treng ein god del meir kvile under stress. Akkurat slik som tenåringane som søv til langt utpå ettermiddagen i helgane. Kroppen treng søvn for å hanskast med alle endringane den opplever. Det er rett og slett farleg å være stressa over tid og ikkje lytte til kroppen som vil kvile.
Ein skal lytte til kroppen, og ta den på alvor. Ikkje prøv å være ei superkvinne! Ta deg den deilige høneblunden om det så er midt på dagen, på bussen eller toget (eg drar lett ein slik lur kor som helst). Er du så heldig at du klarer å roe ned så du vert borte nokre minutt i løpet av ein dag, vil du ha mykje igjen for det på stressnivået i kroppen din.
Du vil få total kvile over eit kort tidsrom, og både kroppen og hjernen vil nullstille seg. Eg oppfordrar deg denne gongen til noko så enkelt som å lytte til sovehjertet ditt. Ikkje vær flau om du flatar ut under pleddet i løpet av dagen, det betyr ikkje at du er blitt ein gamal oldefar som ligg og pip der borte på sofaen. Du og kroppen din treng det! Eg heiar på ettermiddagsluren!

«Det har vi faktisk ikke råd til ... Det skal i hvert fall jeg begynne å si oftere»
