Olaug Nilssen

- Eg har kjent på djup skam over å vere sjukmeldt

Forfattar Olaug Nilssen har tre søner, ein med autisme. I lange periodar har familielivet kravd så mykje at ho måtte lære seg å sprengkvile.

NY ROMAN: Kven skal ta ansvar når familien ikkje maktar meir? Det spørsmålet utforskar Olaug Nilssen i sin nye roman. FOTO: Bent René Synnevåg
NY ROMAN: Kven skal ta ansvar når familien ikkje maktar meir? Det spørsmålet utforskar Olaug Nilssen i sin nye roman. FOTO: Bent René Synnevåg Vis mer
Publisert
Sist oppdatert

S- Eg har vore sjukmeldt i mange periodar. Då har eg brukt formiddagen til å kvile for å ha krefter igjen til familien. I starten kalla eg det å sprengkvile, å ligge rett ut, utan å klare å slappe av, fordi stresset sprenger på frå innsida.

- Eg måtte lære meg å ha dødtid, ubrukeleg tid.

- Vart du betre til å kvile då?

- Ja, ei stund, men no har eg gløymt det litt igjen

Pliktmennesket contra rebellen

Olaug Nilssen er ute med romanen Yt etter evne, få etter behov, som det heiter i marxist-postulatet. I romanen skildrar ho Lea som er mor til ein son med spesielle behov. Lea har møtt veggen og overlate omsorga for sonen til pliktmennesket i familien, søstera Rakel, og ligg sjølv i senga og speler på Ipaden heile dagen.

- Lea har kvilt seg heilt vekk frå å vere eit gagns menneske, forklarer Olaug.

Rakel på si side et knekkebørd kvar kveld, står i jobb som lærar, tek seg av Benjamin og utfører ein serie push-ups ved senga kvar kveld fordi ho ikkje rekk å trene.

Vi møter også mora deira Gudrun, som også slitst mellom døtrene og er trøytt av den tafatte ektemannen. Og veslesøster Linda som kjenner at det ikkje finst rom for henne i familien.

- Eg skriv om ein familie der alle føler seg pressa.

Det er ikkje første gong Olaug Nilssen skriv om kva som kan skje med oss når vi er overarbeidde og i krise over tid. I romanen Tung tids tale som kom i 2017 skildra ho livet som trebarnsmor, i ein familie der den eldste sonen har autisme.

Ho skreiv om djup kjærleik, men også rallande vakenetter, høgt lydnivå, uro og ein rekneskap som nesten aldri gjekk i favør av dei yngre brørne. Kort sagt skildra ho korleis det var å leve med nesten umenneskelege omsorgsoppgåver utan å få den hjelpa ein har krav på frå velferdsstaten. Romanen var i stor grad sjølvbiografisk.

- Det er ei stor einsemd, sa ho til KK den gongen.

ERFARING: Olaug har kjent på kroppen kva det krever å stå i ekstreme omsorgsoppgåver. FOTO: Bent René Synnevåg
ERFARING: Olaug har kjent på kroppen kva det krever å stå i ekstreme omsorgsoppgåver. FOTO: Bent René Synnevåg Vis mer

Etter at boka kom ut, fekk familien meir hjelp. Men det er framleis ein kamp.

- Eg fekk mykje ros då boka kom, både frå politikarar og andre. Det er sjølvsagt rusande for meg som forfattar, men ord åleine hjelper ingen. Det vi, og andre familiar som vi, treng, er ikkje å høyre at vi er sterke og tøffe. Du får ikkje sove natta gjennom av den grunn, seier Olaug.

Ho legg til:

- Praktisk hjelp er den største kjærleiken vi kan få. At nokon kjem heim til oss og set på ein klesvask, brettar klede eller tek med Daniel på ein køyretur. Eg kjenner difor ein veldig varme for alle som arbeider med Daniel.

Nokon må jobbe om andre skal preike

Olaug er på haustferie på hytta med familien og har lagt seg i senga under dette intervjuet. Olaug har nemleg lært seg å nytte dei smutthola som finst. Seinare på dagen skal ho fylle badekaret med ballongar for å feire Daniel sin 13-årsdag. Brørne er no 10 og 8 år.

- Eg lurer ofte på korleis de to veslebrørne vert prega av oppveksten sin, seier Olaug.

Sjølv voks ho opp i Førde med fire søstrer og mor og far. Det var ikkje fritt for at dei krangla om kven som var belemra med flest plikter. Alle fekk på sett og vis sine roller.

Olaugs nye roman startar med ei bibelhistorie om nettopp to søstrer, nemleg forteljinga om Marta og Maria (Luk 10, 38-42), som tek imot Jesus i heimen sin. Og for dei som treng ei oppfriskning; her får vi høyre om Marta som «hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til», medan Maria sette seg ved Jesu føter for å lytte til han. Då Marta ba om hjelp, svarte Jesus: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»

- Eg har ofte irritert meg over forteljinga. Maria får lov til å sitte der og lytte og preike, medan Marta må streve åleine. På den eine sida er dette radikal feminisme fordi Maria blir ønskt velkomen inn i meiningsskiftet av Jesus, men … nokon må arbeide medan andre kan sitte og preike.

Olaug utdjupar:

- Nokon er servitør, slik at kulturpersonar og polikikarar kan diskutere eller sitte på kafé og halde hoff. Nokon må gå nattevakt, passe ungar, vere vernepleiarar og ta seg av sjuke. Om alle skal vere Maria, er det nokon som vert skadelidande.

- Du skildrar pliktmennesket Rakel og rebellen Lea som svært ulike. Tek vi på oss roller i familien, eller vert vi tvinga eller lurte inn i dei?

- Eg tenkjer begge delar. Men i ein pressa familie vert handlingsrommet mindre. Du blir ikkje eit edelt menneske av å stå i krise på krise. Det er større risiko for at du vert eit troll som kjempar med nebb og klør.

- Har du kjent på dette sjølv?

- Eg har nok hardna til, særleg når eg opplever at vi ikkje får hjelpa som vi sårt treng av velferdsstaten. Vi opplevde sviket frå velferdsstaten som hardt.

Før og etter barn

Olaug fortel at ho merkar stor forskjell på seg sjølv før og etter barn.

- Det er lett å dømme pressa mødrer som sure kjerringar. Men det handlar om at det ikkje er rom for snikk snakk. Det er lett å tolke tydelig og klar som streng.

«Flinke piker blir syke. Dyktige damer lærer seg å prioritere.» Det skreiv sjefredaktør i Aftenposten Trine Eilertsen i avisa i 2014 då debatten om kvinner og sjukmeldingar raste som verst. Det provoserte Olaug Nilssen noko heilt vilt.

- Eg har kjent på djup skam over å vere sjukmeldt. Over kjensla av å ikkje meistre eigen familie. Eg synes det er vanskeleg. Så når eg då ligg der og stirrar ut i lufta, kjem spørsmålet; kva har eg gjort feil denne gongen, korleis skal eg prioritere for ikkje å hamne her igjen.

- Vi kvinner får ofte råd om å ta vare på oss sjølve, lære å seie nei. Men kva skal ein velje vekk? Klesvask, sunn mat, trening, foreldremøte eller lekser?

- Ja, det rådet er ikkje mykje verdt om handlingsrommet ikkje er der, og det endrar problemet til berre eit individuelt ansvar. Men ikkje alle kan ligge på sofaen ein halv dag, ikkje alle har råd til ein dag på spa, ikkje alle har tid og høve til å prioritere hår og sminke. Mange vel vekk ein del husarbeid, og det kan vere ei god løysing, men det går ei grense der også. Dei færraste har det bra i skitne klede og med tisselukt på badet.

- Å skape eit bilete av at kvinner vel sjukmelding for å trene og shoppe – det speilar ikkje dei fleste sin kvardag. Mange er heilt overgivne til pliktene sine og droppar dei pliktene, vil det skade andre - som barna. Det er der det verkelege smertepunktet ligg.

- Har du sjølv klart å velje vekk noko?

- Kva kan du sløyfe? Eg sminkar meg nesten aldri, kjøper nesten aldri nye klede, men eg trenar - og det gjer godt.

Åleinetid er viktig– og ganske uoppnåeleg – for mange mødrer. Så også for Olaug. Men ho har valt å stå opp før dei andre i familien kvar dag. Ho tenner eit stearinlys, er åleine og høyrer nyheiter eller berre sit og tenker.

- Men eg lengtar også etter den aktive eigentida. Å få reise til Barcelona med mannen min eller på tur med søstrene mine, det er vedunderleg. Å reise til Oslo utan familien og promotere boka mi, det gir ein heilt eigen energi, seier Olaug.

Og legg til:

- Det er ein grunn til at vi treng det. Ingen kan vere Marta heile tida.

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer