Eli Kari Gjengedal:

- Unnskyld til alle om har opplevd dette frå meg!

KK-spaltist tek eit oppgjer med eigen uvane.

ELI KARI GJENGEDAL: - De skal vite at alt var godt meint, seier Eli Kari om sin eigen uvane. FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: - De skal vite at alt var godt meint, seier Eli Kari om sin eigen uvane. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

- Vi strekk strikken så langt at den nærast ryk før vi – kanskje under tvil – endeleg seier i frå om at vi treng ein pause. Og då, kjære vener, kan det være alt for seint.

Kvifor set vi ikkje foten ned før? Eg tenkjer at svaret kan vere at vi kvinner er ekspertar på å lide i det stille. Vi skal vere så flinke og sterke heile tida. Det sit so langt inne å be om hjelp eller ta seg ein pause. For Gud forby om vi skulle vise eit svakhetsteikn av noko slag.

Evig tidsoptimist

Eg er litt sånn sjølv. Eg tek på meg alt for mykje til tider. Som oftast er det positivt stress, og det kan eg godt leve med. Ingenting er betre enn å vere oppteken med kjekke ting, sjølv om det ofte betyr at ein spring litt frå det eine til det andre. Og er du som eg, ein tidsoptimist, trur du verkeleg på at du skal klare å rekke alt.

Eg har til dømes ein tendens til å gløyme at transportetappar tek tid. Dermed ligg eg ofte litt bakpå. Til dykk som har vore offer for tidsoptimismen min, vil eg på det sterkaste orsake her og no. Men de skal vite at det berre var godt meint.

Utbrent-spøkelset

Tilbake til fenomenet «flink pike som får til alt og sjeldan klager»: Vi damer må bli flinkare til å seie frå når vi merkar dei små teikna. Dei teikna kroppen gjev oss når nok er nok. Når hjernen står konstant innstillt på topp tempo og det er vanskelegare og vanskelegare å skru ned. Det er ikkje bra, det er ei alarmlampe som alle bør sjå og ta konsekvensen av. Det er nemleg slik at dersom kroppen ikkje klarer å skru ned stressnivået, så endar ein kanskje opp med å verte utbrent.

Er du fyrst komen i den situasjonen, kan det ta mange år å bli frisk att. Er det verdt det? Å melde seg ut i fleire år for å hente seg inn? Kanskje endar du opp med aldri å klare det?

Verdas viktigaste pause

Stress er ein forferdeleg skummel ven. Og vert stress bestevenen din, då er du ille ute. Eit lite teikn kan være at du brått tek til tårene eller kjenner på irritasjon og aggresivitet dersom det blir for mykje.

Då er det på tide med ein timeout. Det er også på tide å fortelje verda rundt seg at ein treng å stresse ned. Ein må rett og slett skru ned tempoet nokre hakk, delegere arbeid over på andre og stole på at det vert gjort.

So er det om å gjere ikkje å ta opp igjen dei dårlege vanane etter verdas viktigaste pause. Ikkje ta på deg for mykje, kjære ven. Ikkje vent for lenge med å seie frå om at du treng kvile. Ikkje vent for lenge med å gå til legen for å få hjelp dersom du treng det. Gå ikkje rundt med unødvendige smerter dersom du ikkje må. Det er ein grunn til at det blir forska på smertestillande. Ikkje push grensene dine. Lytt til deg sjølv både med kropp og sjel. Det fortener du. Strikken skal ikkje ryke.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet