Min historie ligger nå to år tilbake i tid.
Barn nr to var i magen og pålagt permisjon tre veker før var begynt på mandag. Tysdag morgon våknar eg med litt lett ubehag i kroppen. Trur kanskje det kan vere rier, men det gjer seg så snart eg står opp så da var det vel bare litt forarbeid. Er gjennom vanlige morgonrutiner og kjører eldste jenta i barnehagen før dagen heime skal nytas.
Får besøk av min yngre søster på 22 år. Ho gjeng siste året på vernepleier på Lillehammer og har den siste tida masa intens om å få delta under fødselen. Eg har ikkje spesielt lyst til å ha andre familiemedlemmer med som tilskuerar, men rekner med at ho er trygt tilbake på Lillehammer, ca 5 timer unna, før minstemann melder sin ankomst og svarer litt halvegs.
Denne dagen ”morer” eg oss med å lese høgt frå ”hva du kan forvente når du venter” og avsnittet om raske fødsler uten kyndig personell rundt.
Samme kveld etter å ha vert i barnehagen, handla, laga middag og hatt nytt besøk ringte eg til min samboer som er vekependlar. Under samtala begynte det å skje ting. Eg sa at han nok kanskje kunne komme heim, men det var ikkje noko stress. Ringte deretter min mor – til støtte. Når ho kom på besøk ca 10 min etter låg eg krølla på gulvet i rier. Tlf til jordmor som avtaler møte 45 min seinare. Tlf til min søster, for å be om pass til eldste jenta. Ho er raskt på plass. Nokon minutter seinare vil eg prøve meg på do. Då gjeng vatnet, så kjenner eg hue... Roper ut til søster og mor: ”Nå kjem den!” Begge kjem springande og i eit sammensurium fanger dei opp den vesle kroppen. 30 min etter fyrste stikk er eg tobarnsmor.
Husker ennå følelsen der på badegulvet…. Blå liten bylt uten ein lyd.. ”Lever denne her da” tenker eg og dermed kjem eit skrik. Min sønn er født! Ambulanse kjem 10 min etter og jordmor etter 15 min. I og med at eg hadde lest om dette tidlegare viste eg at det ikkje hasta med navlestrengen og at babyen måtte bli pakka godt inn.
Når navlestrengen var kutta. Var det vask og stell av babyen, amming i stua mens ambulansepersonell satt på kjøkkenet med kaffe.
Det heile var veldig uvirkelig og det tok lang tid å bearbeide alle følelsar rundt dette.
Med vennlig hilsen Mamma til ”turbogutt”.