Fødselen endte i keisersnitt

Fødselen endte i keisersnitt
Publisert
Sist oppdatert

Natt til Julafta vakna eg og trudde eg måtte tisse... men vannet fortsatte å renne, eg vekte sambuaren min, og sa at vannet hadde gått. Vi ringte sykehuset som bad oss komme, og om vi trengte ambulanse kunne den komme oss i møte. Eg hadde ingen tegn til rier så vi satte oss i bilen kl 03.30 og kjørte sjøl den 45 min lange veien til sykehuset.

Morgen på julafta sa legane at vi kunne få dra heim og tilbringe julekvelden, men måtte komme når julemiddag var ferdig og gaver var åpnet. Om det hendte noko før måtte vi sjølvsagt komme. Vi reiste tilbake til sykehuset kl 23.30 og var kommt inn til kl. 00.30. Det hendte fortsatt ingenting, og om morgonen 1.juledag kl.09.30 måtte dei sette i gang fødslen.

Det gjekk seint og eg prøvde både lystgass og epidural. Og klokka gjekk utan at eg fekk stor nok åpning til å føde. Tilslutt vart klokka 23.00 og eg låg bare å rista og skalv. Legane innsåg no at eg ikkje kunne føde på normal måte og sa dei ville ta keisersnitt. Sambuaren min fekk utlevert ei grønn drakt og fekk beskjed om at han kunne bli med, men da vi kom ned, fekk han beskjed om at han ikkje fekk vere med, og eg vart plutselig lagt i full narkose.

Kl 23.55 var sønnen vår komt til verden. velskap, med ein liten kul på hode etter å ha låge å stanga seg før dei tok han ut. Kl 02.00 fekk eg sjå sønnen vår for fyste gang, men eg registrerte det knapt nok, eg var heilt gåen. No til jul blir Sanderen vår 3 år. 

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer