Min aller største prestasjon!

Publisert
Sist oppdatert

Eg hadde hatt eit greit og stort sett problemfritt svangerskap. Litt småplagar var det sjølvsagt; halsbrann, støle bein og litt vondt i ryggen av og til, men ikkje så mykje at eg hadde blitt skikkelig lei av å være gravid. Eg hadde enno to veker igjen til fødselen, og tok det heile med stor ro...


Det var laurdagsmorgon og eg vakna i 8-tida av at eg måtte tisse. Slettes ikkje uvanleg det... Men då eg kom på do, så eg at det var blodblanda utflod i trusa. Eg byrgja også å kjenne svake samantrekningar. Dei var ikkje smertefulle, minna mest om moderate menssmerter. Dei vara berre i rundt eit halvt minutt og kom uregelmessig, så eg ville ikkje verke hysterisk og gjekk og la meg att. Etter eit par timar vakna mannen min. Eg fortalde han om utfloden og samantrekningane, men sa at det sansynligvis ikkje kom til å skje noko på lenge enno.
Utover føremiddagen dabba samantrekningane av, og eg rekna med at det berre var falsk alarm. Me bestemte oss for å gå ein tur. Då me kom heim att, åt me middag. No hadde riene kome tilbake, lengre og meir regelmessige no. Eg tenkte at det kansje kom til å skje noko utover natta, så eg tenkte det var lurt å sove litt for å vere opplagt..
Men eg kom ikkje lengre enn til sengekanten, då kjende eg at det fossa varmt vatn nedover beina mine. Mannen min hadde gått på badet. Eg banka forsiktig på og spurte om det var lenge til han var ferdig. "Ja", mumla det der inne frå. "Vatnet har gått" sa eg. Då var det ein som fekk fart på seg! Eg gjekk for å skifte på meg mens han ringde fødeavdelinga. Me fekk beskjed om å berre slappe av og kome om eit par timar. Me pakka ferdig bagen (som hadde stått "halvpakka" i lengre tid). Men no kom riene tettare og tettare. Til slutt var det berre eit par minutt mellomrom. Dei hadde og vorte svært smertefulle. Me bestemde oss for å berre køyre med ein gong.

Me vart møtt av ei overmedfølande jordmor då me kom fram. Eg vart lagt til registrering. Eg følte det tok ein evighet før ho kom tilbake. Eg hadde berre 2 cm opning, konstaterte ho, så ho sende oss ut at. Me orka ikkje køye heim at, så me gjekk litt rundt i koridorane. Eit par timar seinare var me tilbake på fødeavdelinga. Der sto jordmora som eg hadde gått til svangerskapskontroll hjå. Eg vart kjempeglad og letta! Det var så godt å sjå eit kjend ansikt. Ho gav straks beskjed om at denne fødselen var hennar..

Eg vart lagt inn og opninga vart målt på nytt. 4 cm no. Det heile var i gang. Eg yngste ikkje smertelindring foreløbig så eg tok eit varmt bad. Eg lå på sida mens mannen min sat bak meg og masserte korsryggen min. Det var deilig! Varmen frå vatnet og masseringa lindra smertene. Eg trur eg lå der i over ein time. Då hadde eg byrgja å føle trang til å presse. Jormora målte opninga igjen og var svært overraska i stemma då ho sa at no var det full opning!
Eg fekk prøve å ligge på magen over ein saccosekk, men det vart vanskelig å få målt hjertelyd, så eg måtte legge meg på ryggen igjen. Eg ville gjerne prøve akkupunktur, og jordmora sette ei i hovudet, ei i huda mellom tommel og pekefinger, og fem neders i magen. Eg syns eg klarte å slappe betre av mellom riene no. Men jordmora syns riene kom for skjelden, så eg vart sett på drypp. Det vart litt kluss med å få sett inn kanylen rett, men til slutt byrgja dryppet å virke og det var tid for å presse.

Etter mange pressrien fekk eg inntrykk av at jordmora vart utålmodig. Skrekkbilete om klipping, tang og sugekopp gjekk gjennom hjernen min og eg pressa som ein gal! Dette hjalp tydeligvis, for no kunne ho snart sjå hovudet. Eit par pressrier seinare var hovudet ute og etter enno ei, var heile guten ute.
Eg fekk han opp på magen. Det heile var så uverkeleg! Eg hadde ikkje klart å førestilt meg korleis det ville bli å bli mamma, men morsinnstingtet vakna med ein gong og eg viste at eg elska dette vesle nurket høgare enn noko anna!

Det har no gått eit par månader og morslykka blomstrar framleis. Når eg no ser tilbake på fødselen er den eit positivt minne. Eg, som vanlegvis ikkje klarar å rive av eit plaster ein gong, klarte å føde eit barn - utan smertelindring! Dette er utan tvil det største eg nokon gong har gjort, verdt ei OL-medalje spør du meg! 

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer