POLITIKK: I årevis nekta eg meg sjølv å prate om politikk. Mykje av grunnen er nok at politikkopplæringa på ungdomsskulen og vidaregåande mildt sagt var mangelfull, skriver Line. FOTO: Privat
POLITIKK: I årevis nekta eg meg sjølv å prate om politikk. Mykje av grunnen er nok at politikkopplæringa på ungdomsskulen og vidaregåande mildt sagt var mangelfull, skriver Line. FOTO: PrivatVis mer

Politikk:

«Viss me treffer folk me er heilt grunnleggande ueinige med, burde me ta oss tida til å stille dei nokre spørsmål»

Lat oss prate om politikk og prøve å forstå kvarandre betre.

Eg har aldri vore særleg uttalt om kva parti eg stemmer på eller kvifor. Eg har på sett og vis tenkt at måten eg pratar på, måten eg behandlar andre på og måten eg generelt ter meg på blant folk talar for seg. Og det kan det godt hende at den gjer. For nokre. For dei som tenker på same måte som meg er det nok enkelt å forstå. For dei som er i andre ende av skalaen er det kanskje vanskelegare. Kan det vera fordi me står så bastant fast i meiningane våre at me nektar å lytte til det andre har å seie?

Nokre ropar det dei meiner. Gjerne i kommentarfelta på Facebook. Heilt utan skam, sjølv om det ofte er ord eg personleg meiner at dei burde skjemme seg over å ytre i full offentlegheit. Kvifor er det då slik at eg – som er så ueinig med dei – har følt at eg ikkje kan svare dei? Kvar kjem denne sperra frå?

I årevis nekta eg meg sjølv å prate om politikk. Mykje av grunnen er nok at politikkopplæringa på ungdomsskulen og vidaregåande mildt sagt var mangelfull. I mange år følte eg på at eg verkeleg ikkje forstod det politiske systemet i Noreg og kva dei forskjellige partia står for. Det var sjølvsagt flaut. Eg var rett og slett redd for å drite meg ut. Men no, når eg er opplyst og har sett meg inn i ting på eiga hand, held eg meg framleis i bakgrunnen i diskusjonane. Og ein del av meg er framleis redd for å virke dum fordi eg ikkje greier å forme argumenta mine på ein god måte.

I tida før og etter valet har eg fått vite at fleire av venene mine har kjent på det same. Ei veninne sa til dømes at ein kollega hadde fortalt ho kva han planla å stemme – eit parti ho sjølv er heilt ueinig med – men at ho snudde seg og gjekk i staden for å stille han nokre spørsmål. Eg er usikker på om frykta me kjenner på stammar frå frykt for konflikt eller frå førehandsdømming. Eg tenker i alle fall at me må bli mindre redde for både å ytre og lytte. Eg har ofte tenkt at det er eit unødvendig ubehag å påføre folk, dette med å diskutere politikk. No forstår eg at det er heilt nødvendig – eit kriterium for at demokratiet skal fungere.

For ja, me har demokrati i Noreg. Ja, alle skal få meine det dei vil. Og nei, ingen kan bestemme kva nokon andre skal stemme. Men me kan tore å ta diskusjonane. «I disapprove of what you say, but I will defend to the death your right to say it», skreiv den engelske forfattaren Evelyn Beatrice Hall i biografien om Voltaire i 1906. Desse orda beskreiv hans måte å tenke på. Den burde me alle ta med oss inn i politiske diskusjonar. Både på dine eigne og motstandarens vegne.

Viss me treffer folk me er heilt grunnleggande ueinige med, burde me ta oss tida til å stille dei nokre spørsmål. Til å prate om kva som er viktig for dei, og kva som er viktig for oss. I beste fall set me i gang ein tankeprosess, i verste fall skjer det ingenting anna enn at me må ha ei litt ubehageleg samtale. Då har me i alle fall stått opp for det me trur på, og tort å lytte til dei me er ueinige med.

Mange gonger har eg tenkt: «Er det eg som tek feil?». Det er jo veldig, veldig mange der ute som er heilt ueinige med meg. Då er det lett å tvile på seg sjølv. Og kanskje er det greitt å ha nokre desiliter tvil med seg, for å unngå å bli arrogant og sta. Ein treng heller ikkje ha all kunnskapen heilt på plass, så lenge ein er open for korreksjonar.

Å sitje i kvar sin skyttargrav og dyrke eit hat mot dei som stemmer annleis enn ein sjølv er lite fruktbart. Me burde heller legge bort våpna og treffast på midten. Kanskje grille litt, setje på Susanne Sundfør og prate.

Det finst uendeleg mange grunnar til at folk stemmer på det partiet dei gjer. Nokre stemmer på eit parti som har deira hjartesak på partiprogrammet. Nokre stemmer på eit parti for å gjera dei så store som mogleg. Nokre stemmer på eit parti for å få det betre sjølv. Nokre stemmer på eit parti i håp om at alle skal få det betre. Nokre stemmer på eit parti fordi dei er redde. Nokre stemmer på eit parti fordi foreldra deira stemmer på det. Nokre stemmer på eit parti dei nesten er heilt einige med. Nokre stemmer på eit parti av gamal vane. Nokre stemmer på eit parti for å stemme. Alle er berre menneske.

Eg har vore der sjølv. Det kan vera vanskeleg å styre seg. Nokre gonger skal ein gjera meir motstand enn andre. Det er viktig å velje medmenneskelegdom over hat, til dømes. Du veit, slike ting alle helst skulle forstått. Akkurat det burde me tore å krangle og slåss litt for.

LES OGSÅ: «Eg hadde rett og slett gløymt kor slitsamt det er å vera fersk student. Og kor gørr-kjedeleg eg er»

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: