FREDRIK STEEN: I sin første spalte for KK fortel Fredrik Steen om kvifor han både er feminist og nynorskens venn. FOTO: Astrid Waller.
FREDRIK STEEN: I sin første spalte for KK fortel Fredrik Steen om kvifor han både er feminist og nynorskens venn. FOTO: Astrid Waller.
Fredrik Steen:

Å karikere kvinna på scena har gitt meg eit fiffig innblikk i kvinnelivet

Å vere mann i dag, og ikkje feminist - er direkte reaksjonært - i beste fall teit, meiner KKs nye spaltist.

Eg er altså den nye spaltisten i KK. Om du alt har merka deg noko eksotisk med språket mitt, så heiter denne måten å formulere seg på nynorsk. Kort fortalt er nynorsk summen av språket vi nordmenn snakka før danskane kom og kludra det heile til, og gjorde slik at austlendingar framleis møter meg med setninga: «Ååå! Du snakker sånn dialekt? Artig!»

Diverre sa redaktøren umiddelbart ja til ei spalte på nynorsk. Eg seier «diverre», for eg var innstilt på ein langvarig og bitter målførekamp for å ro dette i hamn. Det skulle ikkje bli direkte valdeleg, men eg var klar til å stå på barrikadane og debattere som ein skadeskoten Eivind Trædal i Dagsnytt Atten. Eg var budd på nettroll store som Dovrefjellet i kommentarfelta.

Og eg skulle kjempe og kjempe! Kvar gong eg trong meir energi kunne eg berre nynne lett på «Dei gamle fjelli» av Ivar Aasen og hente nye krefter til å kjempe vidare. Eg skulle på Skavlan og snakke om å aldri gje opp, og eg skulle få ein gatestubb i Ørsta oppkalla etter meg.

LES OGSÅ: Da jeg hørte hva årets russejenter fikk slengt etter seg, fikk jeg sjokk.

FRÅ EIN OVERMØBLERT HEIM: Fredrik Steen kjem frå ein heim med tunge gardiner og krystallpingvinar om kvarandre. FOTO: Astrid Waller
FRÅ EIN OVERMØBLERT HEIM: Fredrik Steen kjem frå ein heim med tunge gardiner og krystallpingvinar om kvarandre. FOTO: Astrid Waller Vis mer

Den nye caffe latten

Som om ikkje det var nok, skulle eit knippe politikarar og kjendisar be om orsaking for at mange nynorskbrukarar hadde vorte leie seg. Og heilt til slutt skulle nokon gå - ja, faktisk småspringe relativt vitskremde frå kontora sine.

Men slik gjekk det ikkje. Neida, no er liksom nynorsk den nye caffe latten blant trendsetjarar og livsstilssynsarar. Det får gå for denne gongen, vi sunnmøringar toler nemleg ein støyt.

Eg er forresten frå Ulsteinvik, heimstaden til både verdsmeisteren i hekkeløp, Karsten Warholm, og TV-serien «Heimebane» på NRK.

Blant dei andre bygdene rundt vert det påstått at vi frå Ulsteinvik er litt meir fisefine enn dei andre. Mogleg, det.

Sjølv vaks eg opp i ein overmøblert heim med vegg til vegg-tepper, antikke tebord, marokkanske skinnpuffar, nummererte litografiar og krystallpingvinar – ja, så mykje tungt møblement stappa inn i kvar ein krik og krok at mor mi måtte trafikkregulere juleselskapa.

Får berre prise meg lukkeleg for at eg vart heterofil i den heimen, for i motsett fall hadde det faktisk ikkje vore plass til å kome ut av skapet.

LES OGSÅ: Kampen for bunadskroppen 2018

Mitt liv som kvinne

No har jo eg brukt mange av dei vaksne åra mine på å kle meg ut som kvinne, og det kan jo hende at ein psykoterapeut greier å tilskrive eksistensen til Fru Hildegunn Moltubakk ut i frå ein oppvekst med altfor tunge blylodd i fløyelsgardinene. Å få lov til å karikere kvinna på scena gjennom så mange år har i alle fall gitt meg eit fiffig innblikk i kvinnelivet.

Eg veit mellom anna at kvinna ofte brukar mange ord på å seie dei same tinga på fleire ulike måtar. Møter eg ei kvinne som begynner praten med «Nei, for atte - du skjønar det at..» så veit eg av erfaring at enkelte samtalar kan ta tid.

Likevel overgår kvinna mannen på dei aller fleste område. Dei er eit betre publikum, dei ler meir hjarteleg, dei har empatien og medkjensla klistra i tjukke lag utanpå kroppen, dei er flinkare til å setje ord på kjensler, og ikkje minst: Kvinner lagar generelt langt mindre bråk her i verda samanlikna med menn.

For kva i helsike feilar det mannen, eigentleg? Det finns sjølvsagt unntak, men overalt er det menn som yppar, menn som trugar og valdtek, menn som konspirerer, menn som sloss, menn som ranar - og menn som krigar.

Mannekrise

Den franske feministen og filosofen Elisabeth Badinter hevdar i boka si «XY - hva er en mann?» at den maskuline identiteten ikkje er medfødd, men at den må lærast. Badinter hevdar vidare at krisa i mannsidentiteten har vekse i takt med kvinnefrigjeringa dei siste hundre åra.

Vi får berre håpe at læreplanen til mannen har nokre kraftige revideringar i vente. For det er ikkje akkurat meir brutalitet og maktsjuke verda treng mest akkurat no.

Difor er det ei glede å opne denne spalta med å rope ut: Sjølvsagt er eg feminist! Å vere mann i dag, og ikkje feminist - er direkte reaksjonært - i beste fall teit. Meir om det seinare. Snakkast!

LES OGSÅ: Om morgenen bruker jeg 20 produkter, mannen min bruket ett.

Til forsiden