FREDRIK STEEN: - Ein avtale er ikkje ein avtale før det er sendt ein sms om at avtalen framleis står ved lag fem minutt før avtalen skal finne stad. FOTO: Astrid Waller
FREDRIK STEEN: - Ein avtale er ikkje ein avtale før det er sendt ein sms om at avtalen framleis står ved lag fem minutt før avtalen skal finne stad. FOTO: Astrid Waller
Fredrik Steen:

- Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar

Ein avtale er ikkje ein avtale før det er sendt ein sms om at avtalen framleis står ved lag fem minutt før avtalen skal finne stad.

Tidlegare i vår skulle eg ha ein rørleggar på befaring, og avtalen etter den hyggelege telefonsamtalen var soleklar: Onsdag klokka 13 var ei perfekt tid for oss begge. Eg noterte og han noterte, og begge var glade og nøgde - og klare for eit potensielt og godt rør-i-rør-samarbeid.

Onsdagen kom, klokka nærma seg 13, og eg såg ein rørleggarbil svinge inn på tunet. Men rørleggarmannen kom ikkje umiddelbart ut av rørleggarbilen sin. I staden for sa det pling i mobiltelefonen min, og eg kunne lese følgjande tekstmelding: ”Da er jeg kommet frem!”

Eg hadde lyst til å svare mange ulike ting tilbake, og vurderte både ”Du er ikkje halvvegs eingong!” og ”Det er lett for deg å seie!”, men eg besinna meg og opna heller utgangsdøra mi og ropte ut til han der han sat: ”Har du angst for ringeklokker, eller?” Han lo og eg lo, men på innsida gret vi begge to. Avtalen var klokka 13, han kom klokka 13, men han fann det likevel tvingande nødvendig å verifisere sin eigen ankomst med ein sms.

Eg tillet meg å spørje: Kvifor det? (...) Og eg er ikkje sint og ikkje skuffa, men berre svært undrande.

LES OGSÅ: Kven er du, Fredrik Steen?

Ein varsla avtale

Ein annan gong skulle eg ha ein god ven på besøk. Vi var samde om at søndagen var ein fin dag for å drikke kaffi og småsludre ute i hagen. Avtalen var at han kunne kome akkurat når han ville, for eg skulle absolutt ingen stad denne dagen.

Så seier han: ”Ja, då berre sender eg ei melding fem minutt i førevegen!” Det skulle han aldri ha sagt. Eg vil ikkje seie direkte at eg skjelte han ut, men eg fekk i alle fall gitt tydeleg og autoritær beskjed om at han hadde med å kome akkurat når han ville, stige ut av bilen sin og ringe på døra mi som vanlege folk – og det utan SMS-åtvaring i forkant.

I tillegg fekk eg spurt han grundig ut om kva han meinte at eg eventuelt skulle ha brukt desse fem minutta til - før han var på døra mi. Gøyme liket og skjule alle spor? Smørje meg inn med rapsolje? Hyre inn ein boligstylist? (...) Venen min tok heldigvis sjølvkritikk. Skulle berre mangle.

Teknologien gjer det enkelt å gjere avtalar i dag, men det er endå enklare å bryte dei same avtalane. Den skuffa slepp nemleg å høyre stemma di eller sjå deg i andletet. Det moderne mennesket er ein utolmodig, liten jækel som alltid har døra på gløtt for noko anna som kanskje er meir attraktivt.

LES OGSÅ:- Å karikere kvinna har gitt meg eit fiffig innblikk i kvinnelivet

Korleis har du det, egentlig?

Og kven overraskar kvarandre med uanmelde besøk i dag? Finst sorten framleis? Å kome på døra til nokon utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar. For dei gongane dørklokka di faktisk ringer, er du allereie godt informert på førehand om kven som kjem. Sjølv kan eg kan faktisk ikkje hugse når eg sist fekk besøk utan førehandsavtale.

Men det hadde vore stor stas om du kom. Då skulle eg klappe i hendene og seie:

- Nei, er det du? Så hyggeleg! Det var lenge sidan! (...)

Så skulle eg gå i frysaren og hente nokre kransekakeringar og lage i stand ei stor kanne med kaffi. Deretter skulle vi setje oss under det store kirsebærtreet og kjenne på kor godt det kan vere å leve. Og seinare på kvelden, når du hadde reist heim igjen, skulle eg sende deg ei tekstmelding: ”Men korleis har du det eigentleg, då?”

LES OGSÅ: Endelig skinnjakke og sneakers. Endelig vår!

Til forsiden