Eli Kari Gjengedal:

- Å vakne med bankande hjarte natt etter natt er eit mareritt

Dersom ein ikkje er klar over at kroppen endrar seg i overgangsalderen - for nokre til det nærmast ugjenkjennelege – så vert ein redd.

ELI KARI GJENGEDAL: Eg får inntrykk av at om det vert ubalanse ein stad, så får det ein dominoeffekt og påverkar heile systemet, skriver Eli Kari Gjengedal. FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Eg får inntrykk av at om det vert ubalanse ein stad, så får det ein dominoeffekt og påverkar heile systemet, skriver Eli Kari Gjengedal. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Eg har ei fantastisk oppleving. Kanskje endå meir fantastisk om ein kjenner på slike kjensler i godt vaksen alder. Sommarfuglar i magen er stort sett knytt til forelsking eller positiv spenning og glede. Men sommarfuglar i halsen er noko heilt anna, spør du meg. Å vakne om natta med sommarfuglar i halsen er ikkje kjekt.

Sånn kan ein beskrive hjartebank, i alle fall eg. Hjartebank er vanleg i overgangs­alderen. Kvifor hjartebank kan oppstå i overgangsalderen, veit ein ikkje heilt sikkert.

Men det kan være ei forklaring. Igjen er det endringar i hormonane våre. Nedgang i østrogen kan feilutløyse ­nevron i kroppen. Nevron er nerve­celler som snakkar til hjernen vår, og vips så kan hjerterytmen endre seg. Det er mykje som heng saman her. Kroppen er som eit lite økosystem. Eg får inntrykk av at om det vert ubalanse ein stad, så får det ein dominoeffekt og påverkar heile systemet.

Bankande hjarte

Dersom ein ikkje er klar over at kroppen endrar seg når ein er i 50-åra – for nokre til det nærmast ugjenkjennelege – og at eit symptom på overgangs­alderen er hjartebank, så vert ein redd (gjennom­snittsalderen for å komme i overgangsalderen for norske kvinner er 52 år).

Å vakne med bankande hjarte natt etter natt, utan ein gong å ha hatt mareritt, er nærmast eit mareritt i seg sjølv. Ofte tenker ein at hjartebank er noko som oppstår dersom ein er utsett for stress eller er plaga med angst. Eller endå verre: Det er noko gale med sjølve hjartet. Men det kan altså komme av god gammaldags overgangsalder.

Då eg var tenåring, sleit eg med hjartebank og svimmelheit. Eg vart fortalt at blodtrykksfall og nervar var noko som unge jenter ofte opplevde i forbindelse med puberteten. Dette med hjartebank og svimmelheit i forbindelse med overgangsalderen er altså noko kroppen min på sett og vis har vore gjennom tidlegare. Kan ein kalle ­overgangsalderen, eller klimakt­eriet, for den andre pubertet? Eg veit ikkje, men mange av symptoma ein kjenner på minner om puberteten på mange måtar: uregelmessig mens, svingande humør, dramatiske oppfatningar av småting, blodtrykksfall og hjartebank … you name it. Desse endringane oppleves slitsame for mange. Og om du i tillegg ikkje anar kva som er i ferd med å skje med deg, så ballar du deg inn i ein tilstand som ikkje er så lett å kome seg ut av.

NYE REGLER: Er du glad i nettshopping, og spesielt fra utlandet, bør du være klar over de nye reglene som gjelder fra 1. januar. Video: Embla Hjort-Larsen / Storyblocks. Vis mer

Skal ikkje lide

Eg har prata med damer på min alder som har ­vorte sjukmelde frå jobben fordi dei ikkje kjenner seg att og slit med så mykje rart. Ein kan lett tru at ein er utbrent eller noko i den duren – i alle fall når energinivået er nærmast under null. Derfor er det så viktig at kvinner har kunnskap om overgangsalderen, at ein veit godt om kva det er som skjer.

Det er også viktig at fastlegen har peiling på dette. Då meiner eg på ein slik måte at ein raskt kan avdekke kva som er gale. Ei kvinne skal ikkje måtte gjennom ørten ulike behandlingar av symptom som viser seg er overgangsalderen. I det ein vet kva det er som feilar ein, så er det håp. Då kan ein roe seg ned og ikkje minst få den hjelpa som er riktig for akkurat deg og din kropp. Ein skal ikkje gå rundt og lide og vere redd når det ikkje er nødvendig. Kvinnehelse må alltid være top of mind. Punktum finale!

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet