SNAKK OM SKIVEBOM: Då KK-spaltist møtte ei austnorsk kvinne på ei brygge nordpå, innsåg han kor vanskeleg det var å plassere dialekten hans geografisk. I hvert fall for Oslofolk. FOTO John Andresen
SNAKK OM SKIVEBOM: Då KK-spaltist møtte ei austnorsk kvinne på ei brygge nordpå, innsåg han kor vanskeleg det var å plassere dialekten hans geografisk. I hvert fall for Oslofolk. FOTO John AndresenVis mer

Fredrik Steen:

- Åh, heisann! Du snakker dialekt? Så artig!

Dess artigare folk synest dialekten min er, dess mindre kan dei om både norsk geografi og norske dialektar, hevdar KK-spaltist, Fredrik Steen.

Ganske ofte møter eg Oslo-folk eller andre austlendingar som finn det for godt å påpeike at eg snakkar «sånn derre dialekt». I tillegg presiserer dei at dialekta mi er artig.

Takk, svarar eg då, men legg gjerne til: «Du òg snakkar forresten dialekt!» Då vert mange av dei usikre og rare i andletet – og nokre vert overtydde om at eg tøysar. «Overtydd» tyder forresten «overbevist», og «andletet» tyder «ansiktet».

LES OGSÅ: Deiligere å være norsk i Dubai enn i Danmark

Danskpåverka

Om du er austlending, hadde du sjølvsagt kjent til både «andletet» og «overtydd» - om ikkje danskane hadde kome og øydelagt språket ditt for nokre hundre år sidan. Det er nemleg vi som snakkar dialektar som ikkje er danskpåverka som snakkar mest ekte norsk her til lands. For å finne prov på det kan du berre ta ein tur til Island, eller enda betre: Færøyane.

Hvis du vil ha ein god peikepinn på korleis vi nordmenn snakka for omtrent tusen år sidan, bør du ta turen til øyriket i vest med fleire sauer enn folk. Med unntak av den irske r-en som færøyværingane fekk frå dei irske munkane som alt hadde slått seg ned der, har språket ein heilt klar nordvestlandsk intonasjon. Innimellom høyrest språket faktisk ut som det kjem frå ein litt småbrisen sunnmøring.

Ikkje rart eg kosa meg der oppe på ein ferietur i fjor. Færøyværingane er i tillegg svært språkmektige, og vekslar elegant og kjapt mellom dansk, svensk og norsk – heilt utan å rødme.

Hvordan bil kjører du?

Mange trur diverre at bokmål og austnorsk er det norskaste som fins. Dette er døme på ein aldri så liten skivebom. Bokmål er noko av det danskaste som fins her til lands. «Døme» tyder forresten «eksempel». Og det hadde nok dei fleste austlendingar visst om dei ikkje var så lempfeldige med sin eigen dialekt, og på eit tidspunkt byrja å godta språklege blemmer som Hvordan bil kjører du? og Hvem yrke hadde du før, da?.

For dei av lesarane som ikkje kjenner til det språklege opphavet mitt, kan eg avsløre at eg snakkar sunnmørsdialekt til dagleg, men i skriftleg og offisiell form skriv eg som regel nynorsk. Eg skriv òg ein del dialekt i private meldingar og epostar og slikt, men som regel berre til sunnmøringar – eller til andre som synest at dialekta mi er over snittet artig.

LES OGSÅ: Silje tok et oppgjør med egen scrolling

På klingende Toten-dialekt

For dialekter er artig. Men nokre av dei er så artige at dei kjem inn under kategorien «klingande». Ein del Oslo-journalistar føler seg nemleg forplikta til å presisere at folk dei møter utanfor Sinsen-krysset faktisk snakkar den originale og daglege dialekta si. Då skriv dei ofte ting som: «Det kjæm itte på tale! sa bonden - på klingende Toten-dialekt!» (...)

Ja, kva elles? Skulle liksom bonden snakke pent fordi det var byfolk på vitjing? «Vitjing» tyder forresten «besøk», og det hadde dei fleste Oslo-folk visst om dei hadde vore litt meir opne for dialektmangfaldet i landet vårt, og ikkje brukt halve ungdomstida si på å definere nynorsk som spynorsk.

I fjor sommar stod eg og fiska litt på ei brygge nordpå, då det kom ei austlandskvinne i same ærend. Vi prata makrell, vêr og vind og laust og fast, då ho endeleg spurde meg kvar eg kom frå. Når slikt skjer ber eg ofte folk om å gjette, og spesielt gjer eg dette om eg høyrer at dei er austlendingar – berre for å få bekrefta fordomane mine.

Ho kasta pila først på Bergen, men då hinta eg om at bergensarar har ein heilt tydeleg skarre-r – noko eg på ingen måte har. Då kasta ho ei ny og sleivete pil på Trondheim, og deretter gjekk vegen sørover til Stavanger – og ein ny
skarre-r som eg på ingen måte hadde skaffa meg det siste minuttet - før ho heisa det kvite flagget etter å ha buklanda i Tromsø.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar

Minst kunnskapsrike

No har folk sjølvsagt ulike interesser, og eg er nok meir oppteken av språk og dialektar enn gjennomsnittet, men det seier likevel noko om den generelle haldninga her til lands. Og beklagar å måtte melde dette, men det klare inntrykket mitt er at Oslo-folk og austlendingar er blant dei minst kunnskapsrike i slike spørsmål.

Kvifor er språk- og dialektkunnskap viktig? Jau, fordi språket gjer oss i stand til å uttrykke oss på ein slik måte at vi ikkje vert frustrerte og begynner å slå kvarandre i staden. Nettopp difor ivrar eg for enda meir og betre språkopplæring for alle, enda meir poesi, enda fleire og betre ord på kjensler og frustrasjonar for den enkelte – og enda meir drama i skulen.

Basiskunnskap om norske dialekter er då den perfekte staden å byrje. «Byrje» tyder forresten «begynne», noko du kan få lære om kastar deg over Ivar Aasen, og innser at han faktisk var ein ganske kul kis.

LES OGSÅ: - Neste gong du går forbi eit skilt kor det står napping av bryn, vil eg at du skal tenke deg om

Delta i konkurranse:

Saker spesielt utvalgt for deg:

Flere populære saker: