Eli Kari Gjengedal:

Aldersshaming: - Jeg ble så utrolig lei meg

Eli Kari stivnet i sjokk da hun hørte kollegaens kommentar.

ELI KARI GJENGEDAL: Aldersshaming er uforståelig for KKs spaltist: - Vi lever i eit samfunn som dyrkar ungdomen, men ein kan vel også setje pris på ­kunnskap og erfaring frå ein eldre person? FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Aldersshaming er uforståelig for KKs spaltist: - Vi lever i eit samfunn som dyrkar ungdomen, men ein kan vel også setje pris på ­kunnskap og erfaring frå ein eldre person? FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Då eg høyrde det, stivna eg til is i sjokk. Korleis kan ei av oss seie noko så nedsetjande om ei i sin eigen flokk? Tenkjer ho ikkje på at ho er i same kategorien sjølv om nokre år?

Det var då det gjekk opp for meg at slike haldningar finst, og har mest sansynleg alltid funnest. «Aldersshaming» på særdeles høgt nivå! Men kvifor slenge på «dame» i same setning? Då vart det for meg endå verre.

Kva ligg det i det ho sa? At ei dame på 53 år er heilt ubrukeleg? At ei dame på 53 ikkje får med seg det som skjer av utvikling eller kanskje ikkje forstår det slik ein yngre kollega ville gjort?

Dette gjorde meg så utruleg lei meg. Ikkje sånn på eigne vegne, for det var nok ikkje meint personleg, men den ­stigmatiserande greia at ei dame på 53 ikkje er i stand til å innhente og forstå ny teknologi. Har du høyrt noko større tøv? Men slike haldningar blir ein altså møtt med i 2023. Eg trudde vi var komne ­lenger.

Aldersshaming

Det er klart vi lever i eit samfunn som dyrkar ungdomen, men ein kan vel også setje pris på ­kunnskap og erfaring frå ein eldre person? Kor er ­respekten for ei vaksen dame som har mykje å by på, som er til stades og nysgerrig på det meste? Ei som kan lære dei som kjem bak seg, ein heil masse, både mellommenneskeleg og fagleg. Skal ikkje det være godt nok? Sidan ho er 53 år, så er alt ho sit på, ­ubrukeleg og kanskje til og med litt «lættis», som ungdomen seier.

Men «aldersshaming» kan også gå andre vegen. Ein kan kanskje samanlikne det med oss godt vaksne som ser på ungdomen, ristar på hovudet og seier «ja, ja, dei skulle berre visst».

Dei unge møter nok også på ein del fordomar. Eg opplevde sjølv då eg var yngre, at folk var usikker på om eg ville ta utfordringar på jobb, eg var jo tross alt berre ei blond småjente. ­«Livets harde realiteter er ikkje for småjenter, veit du», er eg blitt fortalt. Men no er det søren meg blitt til at «livets harde ­realiteter er ikkje for store jenter», heller, i alle fall ikkje ifølgje haldningar som finst der ute.

Gir ikke opp håpet

Nei, når vi ikkje eingong klarer å være lojale mot våre eigne, då har vi eit stort problem. Men eg gjev ikkje opp håpet om at vi kan endre feilaktige haldningar.

Eg skal, så lenge det er livsgnist i meg, mot­bevisa at ei dame uansett alder er gått ut på dato. Eg skal lære meg nye ting, så sant eg er oppe og ­nikkar. Eg skal være med på livets harde realitetar og gjere så godt eg kan heilt til lufta går ut av meg. Så var det sagt. Ha ein strålande dag, alle kvinns! Hugs at uansett alder er de alle saman eit eventyr!

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet
Mer om

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer