Kva betyr det egentleg å være ein god venn? Sånn reint bortsett frå dei heilt naturlege punkta. Som til dømes det å være lojal, stille opp når ein treng hjelp. Lytte og støtte. Være til stades og bry seg. Og ikkje minst glede seg over vennskapet.
Men kan det gå an å bry seg for mykje? Blande seg inn i saker og ting ein kanskje ikkje har noko med? Fikse og ordne ørlite grann for mykje? Ja, det trur eg går fint an. Det er ein ørfin balansegang, rett og slett. Det kan verte for mykje av velmeinte råd og opplysningar. Det er ein syltynn knivegg ein vandrar på, om det går an å seie det slik. Eg har tonnevis med eksempel på saker kor eg lett kunne ha enda i den sorte gryte og bli kokt levande på skammens og munnhellets knitrande bål.

- Barna mine har flyttet hjemmefra, og jeg ELSKER det
Ein gong spurde eg ein god venn om eg burde seie frå til venninna vår om at ho brukte altfor mykje Botox. Akkurat som om eg har så mykje med det å gjere i utgangspunktet. Men det var blitt ein snakkis i gjengen – både i «the golden circle» og blant meir perifere kjenningar, og eg kjende på at vi kanskje burde seie frå til den det faktisk dreia seg om. (For å seie det rett ut: Hadde det vore meg, ville eg gjerne visst at eg var så stiv i andletet at eg ikkje fekk ut tårer når eg gret.) Da svara vennen min: Har ho bedt om di meining om korleis ho ser ut? Når eg tenkte meg om, så hadde ho ikkje det.
Dermed var rådet frå min gode venn å halde munn. Det kunne lett falle i dårleg jord (for å bruke eit bakvendt ordtak) å få ein slik beskjed, meinte han. Ho kunne bli lei seg og fornærma, sa han. Dermed gjekk eg for den gode, gamle, feige og trygge løysinga: å halde munn.
Men var det rett av meg? Er det rett å halde munn når folk snakkar og meiner noko om ein venn når det på mange måter har rot i verkelegheita? Nokre gonger kjem ein i ein skvis. Det er aldri kjekt å være budbringaren av dårleg nytt. Ein veit aldri korleis bodskapet blir mottatt. Det kan være aldri så godt meint og likevel falle tungt for brystet for den det gjeld. Er det verdt å risikere eit vennskap ved å seie sanninga? Ja, for ein kan aldri være sikker.
Folk er blitt forbanna og aldri meir latt høyre frå seg av mindre enn eit velmeinande lite hint om overdreven bruk av Botox. Samstundes må folk få lov til å være seg sjølv. Ho hadde vel ikkje sett slik ut om ho ikkje var fornøgd? Og ka i suttan! Smaken er som baken. Er det så nøye kva andre meiner, så lenge ein er happy sjølv?
Eg har no landa på at eg drit i andre sin Botox-bruk på generelt grunnlag. Eg skal aldri meir seie eit einaste ord om det. Men er eg einig med meg sjølv om kva ein god venn burde gjere? Nei, det er vanskeleg å vandre plettfri gjennom eit vennskap. Men så lenge ein prøver å være ein så god venn som ein maktar, så er eg fornøgd. Vennskap er ikkje rett fram, eller svart eller kvitt, om du vil. Det er som alt anna i livet, eit hav av gråsoner. La oss være rause om ein venn skulle trakke i salaten ein og annan gong, for ein god venn meiner det alltid godt.
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Det låg svære dottar igjen i sluket når eg hadde vaska håret
