NY HUMOR: Fredrik Steen advarer oss om at humor i framtida, det blir kompliserte greier. FOTO: John Andresen
NY HUMOR: Fredrik Steen advarer oss om at humor i framtida, det blir kompliserte greier. FOTO: John Andresen Vis mer

Fredrik Steen

Dei nye humor-reglane

- Om du aldri har prøvd humor før, vil eg du skal tenke deg nøye om, seier standup-komikar og KK-spaltist, Fredrik Steen.

Dette er ei kraftig åtvaring mot lefling med humor. Humor er eit av dei sterkaste, mest hardtslåande og avhengigheitsskapande dopa som er tilgjengeleg for lovlydige, norske borgarar.

Til no har det vore fritt fram, men vi går nye humortider i møte. Om du aldri har prøvd humor før, vil eg du skal tenke deg nøye om før du kastar deg ut i det. Det er i alle fall no du må bestemme deg: Skal du vere heilt avhaldande, eller skal du berre prøve ut litt innimellom: «Heei, pssst! Er du interessert i litt småfrekk svenskevitsing i helgene? Eller kva med ein liten mikrodose midtvekesatire - med fast abonnementsavtale?

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på ein som dusjar

Humor blir statleg regulert

Vi har lært dei siste åra her til lands at mange vert svært leie seg dersom ein vits er altfor god. Sjølv ler eg sjeldan av opplagde vitsar, men kan ramle i bakken av at nokon seier noko som er frykteleg sant på ein overraskande og fiffig måte. Regelen er: «It´s funny because it’s true!»

Likevel er det mange som vert leie seg. I tillegg blir mange sinte. Ja, enkelte vert langt meir rasande på humor enn på terror, krigføring og umotivert vald, til dømes. Særleg om vitsen handlar om nokon du meiner det er ekstra synd på.

Før kunne vi seie: «Slapp av! Det var berre ein vits!» I dag er slikt alltid for seint, dersom nokon alt har kome i skade for å bli fornærma før dei forstod at det heile var ein vits.

Inntil vidare vil eg anbefale folk å bruke så store dosar med humor som mogleg – tjuefire timar i døgnet. Køyr på med intravenøse dosar. Sniff humor på jobben, på gata, i butikken – røyk humor rundt middagsbordet, på seminar og over gjerdet til naboen. Det er nemleg berre eit spørsmål om tid og byråkrati før den norske humoren vert statleg regulert.

LES OGSÅ: Kunsten å kle seg ut: Knask, knep eller kålhode

Forsøksprosjekt med NAV

Sjølv har eg eit forsøksprosjekt gåande i samarbeid med NAV. Det fungerer slik at dersom folk ler på showa mine, utan at dei eigentleg forstår kva dei ler av - så må denne latteren returnerast til meg innan 14 dagar. I tillegg må dei som har ledd på feil plass rett i ubetinga fengsel. Det kan verke hardt og brutalt, men slik er det blitt, kompis.

Dette er nemleg ei fin ordning som stakar kursen ut for ei fullstendig og lovregulert humorframtid i Noreg. Eit regjeringsutval har difor i årevis jobba med det nye prosjektet «Humorkammer 2022»: Frå 1.1.2022 må all humor utførast i små kammer som er plasserte jamnt utover nasjonen. Kammera har artige fargar og tekstplakatar av typen «Du skal høre mye...» og «Og vi lo! Og vi lo!»

LUKKA SELSKAP: Humor vert berre tillat i lukka humorkammer, spår Fredrik Steen om framtida. FOTO: NTB scanpix
LUKKA SELSKAP: Humor vert berre tillat i lukka humorkammer, spår Fredrik Steen om framtida. FOTO: NTB scanpix Vis mer

Humorkammer

Både offentleg og privat humor skal utførast i eit offisielt Humorkammer. Humorkammera har plass til max 10 personar, og vert utplasserte på flyplassar, kjøpesenter, på høgfjellet, langs strender og i alle offentlege bygningar.

Dersom du på jobben ein dag skulle kjenne at ein god og skarp kommentar om sjefen skulle presse seg fram, er det berre å raske med seg eit par kollegaer og beinspringe eller ta bussen til næraste humorkammer. Der inne er det alltid god stemning og fri klasking på låret, gapskratt og fnising, og du kan bli der i inntil eit kvarter i slengen.

Merk at det ikkje er lov å vitse i køen på veg inn, og døra skal vere stengd under heile seansen. For sikkerheits skuld vert all vitsing og satire filma og lagra i 5 år. Dette for å sikre at ingen brukar humorkammera til å vitse om sjølve ordninga. Denne er nemleg hellig.

Så kva ventar du på? Ver med i tevlinga om å designe det flottaste humorkammeret og vinn eit humorkammer til din arbeidsplass eller ditt nabolag! Lukke til!

LES OGSÅ: - Åh, heisann, du snakkar dialekt, så artig!

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: