Heilt frå eg var student har eg hatt desse orda frå Kurt Kobain, vokalisten i grunge-bandet Nirvana, i minnet.
Spesielt når eg merkar at Eli Kari er litt vel mykje seg sjølv. Ikkje i mitt hovud, men i andre sitt. Det å være oppteken av kva andre seier og meiner om seg, trur eg er ei «sjuke» vi alle har kjent på i ein eller annan form.
Kvifor er det så viktig kva andre meiner og tykkjer? Og kvifor skal no andre meine så mykje om andre enn seg sjølv? Den gode, gamle «slarvekjerringa» har eksistert sidan tidenes morgon. Heilt sidan den gongen det ikkje fans aviser eller sosiale medier.

- Det går vel ikkje an å sitte på kafé når ein har ringt seg inn sjuk på jobb?
Vi vil jo gjerne bli likt
På eitt vis er det no greitt med ei «slarvekjerring», spesielt med tanke på om nokon treng hjelp eller vert sjuke. Men den sladrekjerringa som går i symbiose med bygdedyret og tryllar fram 50 høns av eit blautkokt egg frå frukostbordet ein søndagsmorgon, kan eg klare meg fint utan.
Den gufne følelsen ein får når ein forlet kafébordet, og dei som sit att, kastar seg over temaet DEG som ein svolten løve over byttet sitt borti Serengeti National Park. Den kan eg også klare meg forutan. Men det skjer, sånn er det berre. Vi underheld kvarandre med kva andre driv med. Og vi har sterke meiningar om andre på både det eine og andre viset.
Berre sjå på kommentarfelta på nettet. Eg les dei ikkje, i rein beskyttelse for mi eiga sjølvkjensle. Men det betyr ikkje at eg ikkje bryr meg om kva andre meiner om meg. Vi vil jo gjerne bli likt. Vi vil også unngå kjensla av å bli misforstått. Det er kanskje det verste … å bli misforstått. Nokon tek gullmedalje i å misforstå andre, eg siktar til den gode, gamle kverulanten. Det å ta meiningar ut av sammenhengen og slenge dei ut som ei stinkbombe i rommet, er god underhaldning for mange. Slik har det alltid vore, i uminnelege tider. Forskarar på feltet seier at alle flokkdyr har ein hakkekylling. Også vi menneskjer. Men eg meiner at vi har utvikla såpass stor hjerne i 2022 at et slikt primitivt atferdsmønster burde vi kvitta oss med for lengst. Støvsugarroboten er sosialt sett smartare enn oss! (Håpar vi ikkje er så dumme at vi utviklar slarvekjerringroboten.)

- Nei, overgangsalderen er ikkje ein sjukdom
Det er eit hav av gråsoner
Vel, vel. Faktum er at vi alle vil bli sett og likt for den vi er. Det skulle no i utgangspunktet være enkelt. Men så enkelt er det ikkje for alle. Tryggleiken og vissa om kven vi er, får vi gjerne med alderen. Men det har kosta mange år med undring, prøving og feiling. Livserfaringa seier oss også at vi ikkje skal dømme folk utan å gje dei ein sjanse til å vise kven dei er. Verden er ikkje svart-kvit. Det er eit hav av gråsoner. Det er kanskje ein av dei viktigaste lærdomane eg har skaffa meg så langt i livet.
Eg er veldig glad i mykje i Kardemommeby, både Tobias i tårnet, tante Sofie og politimester Bastian. Men det eg likar aller best, er Kardemommelova: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.» Enkelt og greitt å forhalde seg til.
Vær tru mot deg sjølv, ikkje la andre sine meiningar om deg påverke kven du er. DU er fantastisk, og eg diggar DEG!