Eli Kari Gjengedal:

Det at eg plutseleg er naken, kan kanskje bety at eg er redd for å bli avslørt?

Det hender at eg prøver å tyde draumane mine.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Draumar er noko rare greier. Nokre gonger ­hugsar ein ikkje kva ein har drøymt. Andre gonger er dei så tydelege at det er som om det er skjedd i verkelegheita når ein vaknar.

Av og til har ein mareritt og vaknar opp med hamrande hjarte og med sveitte som driv ned i puta. Det hender at eg prøver å tyde draumane mine. Kvifor drøymde eg ­akkurat dette? Har det vore noko eg har opplevd eller eit tema eg har snakka om? Har eg vore bekymra for noko? Av og til kan det være at eg har sagt noko som eg angrar på, og så tenker eg så hardt på det at eg drøymer om det om natta.

I draumane dine kan du også drøyme mykje symbolikk. Som arketypar frå ­filosofiens verden. Ikkje personlegdomane inndelt av Carl Gustav Jung, men dei kollektive symbola. Dei som ofte går ut på at ein ser for sitt indre auge ulike formasjonar. Nokre gonger planetaktige karikaturar. Eg får ofte noko som kan minne om grå planetar i mitt indre auge (av og til synest eg dei minner om raspeballar).

Nokre av oss har draumar som går igjen og igjen. Eg, til dømes, kan drøyme om situasjonar der eg aldri rekk fram. Eg har mellom anna ein slitsam draum der eg skal inn i tv-studio på direktesending, og så kjem det så mykje i vegen at eg endar opp med å koma for seint. Jakka må syast knapp i. Nokon treng hjelp, så eg må hente eit glas vatn. Eg må rydde meg fram gjennom trange gangar fulle av skrot. ­P­lutseleg er eg naken og må finne klede som eg skal ha på meg. Det er det same om og om igjen.

Kva er det ein slik draum egentleg betyr? Det at eg plutseleg er naken, kan kanskje bety at eg er redd for å bli avslørt for eit eller anna? Skrotet i gangane kan bety at eg har hinder i livet mitt som gjer at eg ikkje får gjort det eg vil? Eg veit rett og slett ikkje. Eg har også ein draum der eg kan tek sjumilssteg. Nett slik som han i Asbjørnsen og Mo-eventyret som Ivo Caprino har animert, han som spring til verdas ende etter vatn. Når eg drøymer denne draumen, er eg alltid på veg nedover byggefeltet der eg vaks opp. Eg tek ­sjumilssteg over jordbæråkeren til ­naboane frå oppveksten.

Snarvegen forbi leikeplassen forserer eg med berre tre steg. Eg hoppar lett forbi aldersheimen som låg der tidlegare, og så kjem eg til slutt ned til fjorden. Kva i all verda betyr dette? At livet ligg leikande lett framfor meg? At eg vaknar om morgonen, og sola skin over fjella, og alle dører åpnar seg for meg medan eg luktar lyst og lett av ei blomstereng? Tenk om det hadde vore slik! Den kjende psykologen Sigmund Freud meinte at dersom du drøymde at tennene dine datt ut, så var det ei frykt for å miste dei næraste, til dømes mor eller far. Eg har faktisk drøymt at tennene mine går i oppløysing og dett ut mange gonger. Men når eg drøymer at eg aldri kjem fram til springen på kjøkenet fordi eg er sabla tyrst, så treng eg verken Freud eller Jung si forklaring. Då veit eg at det er den fysiske kroppen min som snakkar rett inn i draumeverda. Under slike høve har eg som oftast lagt meg med magen full av salt pinnekjøt toppa med dunstande akevitt. Det er ikkje alltid ein treng å tenke i hel alt. Drøm søtt, folkens.

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer