Eli Kari Gjengedal:

Det eg slit mest med som mor, er bekymringar

Eg håpar 18-åringen min går ut i livet med fornuft og ikkje minst realistiske forventningar.

ELI KARI GJENGEDAL: Det Eli Kari slit mest med som mor, er bekymringar for at ­sonen ikkje er rusta for å takle livet – og ikkje minst at han ikkje skal være like god som dei andre sine ungar. Foto: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Det Eli Kari slit mest med som mor, er bekymringar for at ­sonen ikkje er rusta for å takle livet – og ikkje minst at han ikkje skal være like god som dei andre sine ungar. Foto: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Då var eg 34 år gamal. Eg kjende meg som ei eldgamal mor, og eg hugsa at eg vegra meg for å gå i barselgruppe fordi eg var overbevist om at eg kom til å være den eldste av alle dei nybakte mødrene og heilt ubrukeleg, sjølvsagt.

Det viste seg at eg langt ifrå var den eldste på barsel­gruppa på legesenteret. Der var det mødre som var både eldre og yngre enn meg. Ein fin bukett som sat der med sine nyfødde små.

No er det altså gått 18 år, og eg er blitt 52. Framleis er det mødrer i alle aldrar rundt venneflokken til sonen min. Sjølv om eg er mor til ein tenåring og over 50, midt i overgangsalderen, så slit eg ikkje med dårleg sjølv­tillit på grunn av alderen.

Det eg slit mest med som mor, er bekymringar for at ­sonen min ikkje er rusta for å takle livet på godt og vondt – og ikkje minst at han ikkje skal være like god som dei andre sine ungar. Presset vi legg på ungane våre kan til tider være stort. Ikkje berre er det press frå sosiale medium, ungdomen seg i mellom og samfunnet generellt, det er og eit press ovanfrå: frå mor og far.

Ein utopi

Også min son har kjent på press frå mor. Det er klart vi skal oppdra ungane våre og forvente at dei oppfører seg, men at alle ungar skal ta doktorgrader, bli idrettsstjerner eller kjende musikarar er ein utopi.

Dei aller fleste ungar blir heilt vanlege folk med ­vanlege jobbar når dei vert vaksne. Det normale er å være heilt normal, rett og slett. I vårt samfunn vert vi fora med at du kan bli akkurat det du vil berre du jobbar hardt nok.

Min påstand er at det er rein ­vranglære. Alle kan ikkje bli akkurat det dei har lyst til. Alle kan ikkje bli Braut Haaland eller Kygo, så ­enkelt er det berre.

Skuffelsar og motgang

Det er viktig å fortelje ungane våre at det er det vanlege som er det ­vanlege, for mange har ei forvrengt oppfatning av akkurat dette. Ein skal sjølv­sagt ikkje ta frå dei draumane deira eller ikkje heie på målsetningane deira. Men det er utruleg viktig å vite at livet i dei fleste tilfelle byr på både skuffelsar og motgang.

Når alle ungar går rundt som små stjerner og trur på det sjølv, då er det noko som skurrar. Det er mykje viktigare å ruste dei til å takle motgang, sorg, skuffelse og andre ting som livet byr på for dei aller fleste. Det er utruleg viktig å kunne handtere det å reise seg og gå vidare etter ein smell.

Dei færraste går gjennom livet utan ei einaste skramme på kropp eller sjel. Tenk om eg no skulle gått rundt og ikkje klart å handtere tunge tankar og anna rot i vaksen ­alder? Eg er så glad for den ballasten eg har fått med meg etter både den eine og andre smellen i livet. ­Hadde eg vore handsama med silkehanskar heile ­oppveksten, hadde det vore mykje verre å dra seg sjølv opp frå gjørma no.

Eg håpar 18-åringen min går ut i livet med fornuft og ikkje minst realistiske forventningar utan at eg har drepe alle draumane hans, men rusta han like godt for nedturane som oppturane han heilt sikkert kjem til å møte på.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer