FYLL: Alkohol ser på ingen måte til å ha gjort meg til eit betre menneske, men likevel har eg funne det for godt å gje den utallige sjansar. FOTO: Astrid waller
FYLL: Alkohol ser på ingen måte til å ha gjort meg til eit betre menneske, men likevel har eg funne det for godt å gje den utallige sjansar. FOTO: Astrid wallerVis mer

Fyll:

Det er berre éin ting som er meir plagsomt enn flugene i sommervarmen: fulle folk

Fulle folk kan vere grusomt irriterande, og eg sjølv har vore både full og plagsam mange gonger. Dei siste åra har imidlertid lysta til å utsetje kroppen min for gift avtatt drastisk.

Nokre av dei dummaste tinga eg har gjort her i livet, dei mest vågale krumspringa, største trafikkskilta eg har stole, dei teitaste og mest hybrismetta uttalingane eg har stått for – har kome under heftig påverknad av alkoholrus. Alkohol ser på ingen måte til å ha gjort meg til eit betre menneske, men likevel har eg funne det for godt å gje den utallige sjansar.

Alkomøydomen min vart teken altfor tidleg ein gong i tenåra - av ein elegant miks av gløgg, kvitvin, bokkøl og whiskey. Der og då verka det sjølvsagt som ein kjempeidé, men morgonen etter vakna eg i mitt eige oppkast og følte eg var komen til ein ny planet. Alt såg likt ut som før, men det kjendest likevel så underleg og framandt. Heile søndagen gjekk med til å knyte kjærleiksband til doskåla, i tillegg til å polere ein skallebank på storleik med heile heimfylket mitt. Likevel bleikna kvalmen og hovudpina mot den enorme kjensla av skam. Var det verkeleg ein heil laurdagskveld og ei halv natt eg ikkje kunne gjere reie for? Kva i all verda hadde eg gjort og sagt? Og korleis kom eg meg heimatt til mi eiga seng? Resten av veka fekk eg høyre ulekre variantar av kva eg hadde rukke å føreta meg, før eg ikkje var i stand til å ta vare på meg sjølv lenger. Og skamma vaks og vaks. Likevel gjekk det ikkje lang tid før eg gjorde det igjen.

Dei fleste godt vaksne nordmenn har ei slik historie. Felles for dei fleste er latter og gjenkjennande humring frå tilhøyrarane. Det har i generasjonar vore eit fullt akseptert overgangsrite til vaksenlivet at ein debuterer med altfor store mengder alkohol på lite flatterande og risikabelt vis. No seiest det at dagens ungdom er mindre opptekne av alkohol enn generasjonane før. Min eigen teori er at dei yngre førebels får nok dopaminrush frå bruken av sosiale medier og dataspeling. Du kan jo sjølv gjere ein test, og ta frå 14-åringen i huset alt som heiter mobiltelefon, nett og dataspel eit par veker. Om du ikkje før har sett eit heroinmonster utan tilgang til ´the shit´ før, får du sjå det no.

Nordmenn ligg i verdstoppen når det gjeld alkoholkonsum, og ifølge tal frå Folkehelseinstituttet (2017) oppgir berre ti prosent at dei er avhaldsmenneske. Sjølv vinglade italienarar har prosentvis fleire avhaldsmenneske enn vi her til lands, og landar på trettifem prosent.

Det ligg altså i kulturen at det er heilt greitt å svi av store delar av hushaldningsbudsjettet på eit nytemiddel som heilt objektivt sett er ei heftig gift for kroppen, i alle fall i større mengder. Og eg har spurt meg sjølv fleire gonger: Kva anna flytande substans enn øl er eg villig til å drikke 5 liter av på éin kveld, til ein pris av over 1000 kroner pluss 1500 i taxi, som gir meg dårlegare dømekraft enn ein fireåring i godteributikken, får meg til å kle av meg og hoppe naken i fontener i november, for så å bruke dei neste 48 timane på å føle meg som eit ekte menneske igjen? Ikkje så mykje. Ikkje eingong pistasjis, og eg er ganske glad i pistasjis, altså.

Fulle folk kan vere grusomt irriterande, og eg sjølv har vore både full og plagsam mange gonger. Dei siste åra har imidlertid lysta til å utsetje kroppen min med gift avtatt drastisk. Eg ser liksom ikkje poenget lenger i å bruke så mykje tid på rekonvalesens for noko som eigentleg ikkje er spesielt gøy. I tillegg er eg blitt gamal nok til å berre seie ja takk til alkohol dersom eg verkeleg har lyst på. Om det forekjem drikkepress blant vaksne og tilsynelatande ressurssterke menneske? I bøtter og spann, og eg må til stadigheit ty til nye og kreative svar for å få slutt på maset. Så no veit du det: Eg har eg feika både antibiotikakurar og nærståande operasjonar som forklaring på at eg av og til berre har lyst på eit stort glas vatn.

Eg har fleire gode vener som er tørrlagde alkoholikarar, og denne informasjonen vert umiddelbart respektert når dei får tilbod om eit glas - masinga stoppar umiddelbart. Det burde den gjere for alle som seier nei takk, uavhengig av kva årsaka skulle vere. Og totalavhaldsfolk burde få sleppe kravet om forklaring på kvifor dei ikkje drikk. Nokre drikk vin og øl, nokre drikk brus eller alkoholfritt øl, og andre drikk vatn. Slik er det, ferdig snakka.

Her om dagen overhøyrte eg to kvinner på kafé som snakka om drikkepresset på arbeidsplassen sin. Dei hadde nettopp vore på seminar, og hadde tydelegvis nådd grensa for kollegaene si drikking på kveldstid etter at jobbpliktene var unnagjorde: - Eg fattar ikkje poenget med å henge i ein bar heile natta og drikke haugevis med drinkar til astronomiske prisar – som ein i tillegg blir kjempedårleg av! Eg fattar det verkeleg ikkje!

Men vi held altså fram med å jakte det store rushet, anten det er gjennom shopping, sex, basehopping, sosiale medier, alkohol eller anna rus. Alt handlar om jakta på dopamin. Slik er kulturen vår, og di meir dopamin vi skaffar oss, di meir må vi ha. Sjølv kunne eg godt tenke meg å hoppe naken i fontena i november igjen. Dei som ser meg vil sjølvsagt tenke at eg er ein full og galen mann, men det kan eg leve med. Eg har nemleg valt det og gjort det sjølv i edru tilstand. Håper eg.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: