Eli Kari Gjengedal:

Det er ikke ein sjukdom

Det å være rundt 50 år og i overgangsalderen blir ofte assosiert med noko negativt.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Kjedeleg, tørt og grått, som ei pudderrosa påleggskinke som er ­utgått på dato. Men veit de, overgangsalderen har på fleire vis eit litt ufortjent dårleg rykte. Vi kan faktisk være ganske «rai, rai» om vi vil. Og det med plager eller ei. Faktum er at ein av tre kvinner slit med ganske ­heftige ­plager. Ein av tre kjenner det no og då, og så har du den griseheldige tredelen som ikkje merkar noko. Overgangs­alderen går dei bokstaveleg talt hus forbi.

Eg har ei venninne som er akkurat ti år eldre enn meg (eg er særdeles stolt over at eg kan skilte med å være den venninna som er «ung og uerfaren»). Ho kunne fortelje at ho ikkje ante noko som helst om dette før legen informerte henne om at ho var ferdig med overgangs­alderen. Det einaste dama hadde notert seg, var at ho hadde mista mensen, noko som var ein lykke av uante dimensjonar.

Vi må også hugse på at overgangsalderen er ein stor og naturleg del av ei kvinnes liv. Det er ikkje ein sjukdom, men ein naturleg livsutvikling. Og for dei som har det verst, fins det hjelp. Berre ta ein prat med fastlegen din.

Det fins mykje positivt med å være ei dame midt i livet. Vi har livserfaringar som gjer oss tryggare enn tidligare. Eg må erkjenne at eg er usikker på mykje rart også no, men livserfaringa mi gjev meg ei ro midt i ­kaoset på ein heilt annan måte enn før. Det er kjekt å kjenne på. Meir konkret på positivitetskontoen for veldig mange kvinner er det at dei slepp den hersens mensen.

Eg var usedvanleg seint utvikla og fekk mensen som den siste i klassen. Eg gjekk fleire år og venta på at det store skulle skje. Til slutt gjekk eg med 80-talets store intimhygienehit «saba self-sit» i trusa trass i at eg ikkje hadde fått mensen. Eg vart sendebodet til nesten alle jentene i klassen når dei ikkje kunne ha bading på grunn av mensen. Det var ein kjempe­pinleg ­beskjed å gje den mannlege gymlæraren vår. Men ­umodne Eli Kari kunne med ærefrykt og svært konfidensielt infor­mere ­læraren kven i klassen som hadde ­mensen og skulle sitte på ­bassengkanten og vifte med føtene i klorvatnet under dagens badetime.

Men så skjedde det: Endeleg vart eg som dei andre. Men hallooo! Eit nytt stort problem i livet oppstod. Blodflekkar! Ingen føler seg meir avkledd enn den som opplever ein stor blodflekk i buksebaken idet ein reiser seg og går. Eller følelsen av ­rennande blodråpar som følgjer kurven nedover ­rumpa, trekker igjennom nattkjolen og siv blodraude utover lakenet når ein er på overnattingsbesøk. Hugsar de den skuffelsen når ein skal på helgetur med ­kjæresten, og idet toget kjem inn på perrongen, så finn mensen det for godt å gjere sin entre?

Og i vaksen ­alder: Hadde de visst kor mange gongar eg har stått smånervøs framfor forsamlingar og heldt foredrag og plutseleg får ein idé om at «NO fekk eg mensen!». Som dei reinaste fantomsmertene innbiller eg meg at blodet sildrar og renn nedover den lyse buksa mi.

Denne følelsen, mine damer, den er vi ferdig med når overgangsalderen når dykk. For ein frihet! Kvite skjørt og bukser kan igjen, etter omkring 35 år, brukast utan frykt. Hurra! Vi kan alle gjere som Jan Thomas og «go commando» om vi vil. Eg gratulerer meg sjølv med denne friheten og seier: «Her blir det liv, rai, rai!»

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer