Eli Kari Gjengedal:

Det er ikkje rart vi er berykta

50 år gamle damer på fest kan være eit sirkus utan like.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

«Musikken ljomar, det klirrar i glas
ei laurdagsnatt, ikkje måte på stas.
Eg dansar i veg som dronning på festen
heilt til eg ser eg er siste gjesten»

På ein måte kjenner eg at det er herleg befriande. At den som ofte har eit stor ansvar for å passe på absolutt alle i familien, og ofrar seg for eplekaker, ­husvask og gråtande små barnebarn eller barn, kan slå seg laus. (Du kvapp, ja? 50 år og småbarn går vel ikkje? Men faktum er at mange mødre er over 40 år når dei får barn for tida, så ofte er 50-åringen mor til både 8- og 10-­åringar).

Behovet for berre å være seg sjølv og slå seg laus innimellom ligg latent i dei fleste av oss. Og veit de, dette behovet er det viktig å lytte til. Vi har så mange ­ulike hattar på oss i løpet av ein dag som er så tunge av ansvar, at det er nesten som vi går krokrygga til sengs. Og slik kan det ikkje være, i alle fall ikkje heile tida. Vi må kunne boltre oss i fest og moro innimellom. Rett og slett få eit friminutt for oss sjølv. Og når lidenskapen får komme ut i full blomst til både musikk og boblar og gode vener på ein gammaldags fest, ja, då skal eg seie det blir fyr i hytta. Gode, gamle dansemooves frå 90-talet vert børsta støv av, medan det ­klirrar i krystallglas, og fengande rytmer frå Aqua og «Barbie girl» fyller rommet. Ja, for kven dansa vel ikkje etter den på 90-talet?

Når eg er på slike festar, vil eg ikkje at det skal ta slutt. Eg vil leve i nået og ikkje tenke på noko anna enn det som skjer akkurat her og no. Eg kjenner nesten ein desperat angst for at kvelden skal ta slutt. Nokre gonger er eg så galen at eg går livredd rundt og ber folk om ikkje å gå heim. Berre nokon lear på augelokket, er eg på plass med eit lynraskt spørsmål: «Du skal vel ikkje gå heim vel?» Ikkje rart dei fleste kjøyrer dotrikset på meg (kan også kallast «Tex Willer-­trikset», som betyr at du stille og roleg snik deg heim utan å seie frå at du går).

Og det er heller ikkje så rart at mannen min kallar meg gjesten frå h… Eg er eit mareritt. Eg veit ikkje om dette er noko som heng i etter at sonen min var liten og vi fekk barnevakt. Når vi skulle ut på noko, så var det om å gjere å utnytte fridomen på det grovaste. I alle fall er eg blitt ei slik sirkusdame på 50 år som går på fest med masse leppestift og ein god dash Chanel-parfyme i skjerfet. Ei slik ei som får den same kjensla av å treffe venninner på 50 som eg fekk den gongen eg tok på meg russedressen i mai 1990. Eg er rett og slett ­ustoppeleg med sjølvkjensla på topp. Eg er oppe og nikkar, bokstaveleg talt. Som eg brukar å seie når eg er seint ute og trafikken hopar seg opp: «Gjer døra høg, gjer porten vid! Her kjem det ei med dårleg tid!» Alt skal skje på ein slik kveld. Ikkje rart damer på 50 som hiv seg på partybølga, er berykta. Eg håpar de som ­lurer på kvifor det er slik, fekk ei ­forklaring på fenomenet ein gong for alle.

Sjalabais frå meg folkens, ikkje nøl med å ta deg eit friminutt. Det er særs fortjent.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer