FREDRIK STEEN: - Eg har tenkt litt i det siste på kva som eigentleg samlar oss nordmenn - på kva som får oss til å føle oss som ein gjeng vi vil hegne om og passe på. FOTO: Astrid Waller
FREDRIK STEEN: - Eg har tenkt litt i det siste på kva som eigentleg samlar oss nordmenn - på kva som får oss til å føle oss som ein gjeng vi vil hegne om og passe på. FOTO: Astrid WallerVis mer

Det fins ikkje så mange andre som kosar seg meir med seriedrap enn oss nordmenn. Og er det ikkje noko vakkert her, då?

Kvifor er vi så opptekne av intrikate måtar å ta livet av folk på? undrar KK-spaltist, Fredrik Steen.

Eg har tenkt litt i det siste på kva som eigentleg samlar oss nordmenn - på kva som får oss til å føle oss som ein gjeng vi vil hegne om og passe på. Hadde du spurt meg for tjue år sidan, ville eg nok ha sagt godt naboskap, trua på ei god framtid, fine skiturar med kakao på termosen - samt å kunne føle seg trygg i sitt eige hus og i sitt eige land.

Kos med krim

Men om du spør meg i dag vil eg seie krim. Krim, ja. Ikkje øya, men sjangeren. Eg tippar det ikkje fins så mange andre nasjonar med ein så stor andel av befolkninga som riggar seg betre til med favorittputa i sofaen – og kosar seg meir med seriedrap enn oss nordmenn. Og er det ikkje noko vakkert her, då? Det er jo verkeleg noko eige å sitje slik i stova si: ingen planar, ingen ungar som masar, men beina trekt oppunder deg i sofakroken. Du har fyr på peisen, eit glas fyldig, spansk rødvin på bordet og Diana Krall svakt på i bakgrunnen – og du les om psykopatiske menneske med stor hang til å lage rebusløp ut av seriedrapa sine.

Samfunnsproblem

Kari og Ola Nordmenn kosar seg med krim, altså. Sjølv les eg aldri krim, men det er mest fordi eg synest krimbøkene har blitt eit praktisk problem når eg er ute i det offentlege rom. Same kva butikk eg går inn i, ligg der nemleg enorme menger av Jo Nesbø-bøker stabla opp til taket. Eg tenner ei lita fane her og tenker rett og slett HMS, altså. Eg har sjølv vore inne på digre Coop-butikkar og sett desse enorme Nesbø-stablane vakle seg oppover til taket, men eg har ikkje sett noko sikring eller gjerde. Kva om desse stablane skulle ramle ut og hindre vanleg ferdsel for folk som berre skal handle seg noko til middag? Kva om ei gamal dame med gåstol går seg fast i ein slik stabel? Eg har òg lenge vore bekymra for Jo Nesbø si psyke. For kva gjer det med eit forfattarsinn å skrive om slike grusomheiter over så lang tid? Men Nesbø er smart og balanserer ut det grusomme med å skrive barnebøker om prompepulver og slikt. Nesbø, ass. Alltid eit steg føre.

TV-seriane

For dei som synest lesing er for krevjande, har vi heldigvis TV-seriane. Desse er òg laga slik at du skal grøsse mest mogleg, og på lik linje med krimbøkene konkurrerer forfattarane om den mest fiffige måten å partere og ta livet av folk på, samt kva symboltung mytologi drapsmennene hentar inspirasjonen sin i frå. I tillegg får du i dag ekstra bonuspoeng om detektiven har ei personlegheitsforstyrring. Drikkfeldig, lurvete kledd og manglande økonomisk kontroll er berre såååå 1997. No er det asberger eller manglande empati som gjeld.

Når kjem eigentleg kunstuttrykka som kan beskrive denne enorme kriminteressa i fedrelandet? Her må musikarar, skulptørar, forfattarar og andre kunstnarar skjerpe seg og ta samtidsgrep. Eg ser alt for meg Odd Nerdrum sitt gigantiske og maleriske bidrag: Eit ektepar sit i kvar sin ende av ein kvit sofa og les kvar si krimbok. Det er mykje pynt og stæsj i stova, tunge gardiner og mange småskilt på veggane med ”Home is where your heart is” og slike ting. For ikkje å gløyme pynteputene og duftlysa.

Intrikate mord

Ekteparet på Nerdrum-maleriet har passert middagshøgda, og ein kan framleis sjå at dei var attraktive ein gong på nittitalet. Men det som ein gong var eit spenstig og fargerikt sexliv er bytta ut med ei enorm interesse for intrikate måtar å avslutte liv på. Han les ”Tørst” av Jo Nesbø, og ho les ”Offergaven” av Dolores Redondo. Og dei kosar seg. Dei kosar seg slik at dei nesten er litt opphissa.

Huskatten

Det viktigaste i bildet er likevel den store huskatten som ligg og mæl heilt fremst i venstre bildekant. Men under den lavfrekvente kattemalinga ligg der både fortviling og aggresjon. Mons er nemleg pisse lei matmor og matfar, og ligg no og pønskar ut korleis han skal greie å ta livet av dei på ein slik måte at postmannen får skulda. Ikkje fordi han har noko i mot verken postmannen, matmor eller matfar – men fordi han keier seg. Han keier seg så grusomt mykje at han skulle ønske han hadde både tannbyll og bendelorm. Mons har nemleg ikkje følt noko på fleire år, og no vil han at det skal skje noko i livet sitt. Når alt kjem til alt gjer ikkje katten noko anna enn å ta ansvar for eige liv. Og dette er sannsynlegvis det vakraste i dette bildet.

Vi må slutte å vere så interesserte i grusomme drap. I det minste skuldar vi oss sjølve å stille spørsmålet: Kvifor er det slik, eigentleg? (...) Fint om ein sosiolog eller liknande kan ta dette vidare. Eg kan stille i Dagsnytt 18 frå mandag til torsdag. Takk for merksemda.

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: