Eli Kari Gjengedal:

Det låg svære dottar igjen i sluket når eg hadde ­vaska håret

Eg fekk meg ein støkk her for nokre år sidan … Eg byrja å miste hår!

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Dei aller fleste veit svært godt kva dei ikkje er fornøgd med. Når eg spør venner, kjem svaret på kva dei er misfornøgd med seg sjølv, rimeleg kjapt. Men kva dei faktisk er fornøgd med, er ofte mykje vanskelegare å få svar på. Eg har nokre ting med meg sjølv eg er storveges fornøgd med. Eg skal ikkje kjede deg med å ramse opp alle fire punkta her og no. Men eg skal ta for meg det eg er aller mest fornøgd med (bortsett frå at eg har god helse, som sjølvsagt er det aller ­viktigaste for alle). Eg trekk pusten og slepp bomba no: HÅRET.

Eg har alltid vore så stolt over håret mitt. Eg er så glad for at mamma og pappa samla håret mitt frå fyrste stund. Eg var faktisk ikkje til frisøren før etter at eg stod konfirmant. Eg har alltid hatt langt, lyst hår med min eigen naturlege hårfarge. Dei siste åra har eg stripa det litt fordi eg fekk så grå pannelugg då eg ­runda 40. Eg hadde nokre blå striper og ein ytterst kort periode under studietida kor eg fekk for meg at eg kledde ein kort sveis, men eg kvapp kvar gong eg såg meg i speilet. Det var liksom ikkje meg. Nei, Eli Kari er ikkje seg sjølv utan det lange, lyset håret. Eg har ­liksom tenkt at uansett kor rynkete og gamal eg til slutt kjem til å sjå ut, så har eg i alle fall håret mitt. Men så fekk eg meg ein støkk her for nokre år sidan … Eg byrja å miste hår!

Det låg svære dottar igjen i sluket når eg hadde ­vaska håret. Eg drog sjuke mengder hår ut av børsten etter å ha kjemma det. Det låg eit loddent lag med hår att på den svarte kåpa min kvar gong eg hadde brukt den. Eg vart så lei meg og redd. Kan eg ikkje ein gong få ha håret mitt i fred for den forbaska aldringa?

Eg fekk så panikk at eg bestilte meg ein time hjå fastlegen. Nok ein gong luska eg meg inn døra hans og sette meg i stolen. Eg fekk beskjed om å slappe heilt av og vente nokre veker. «Håret har syklusar», sa han. Og når ein er i overgangsalderen, så påverkar hormonane håret som alt anna. Mange får tynnare og skjørare hår.

Ok, tenkte eg, då er eg heldigvis ikkje sjuk. Det er heilt normalt, altså. Ei letta Eli Kari ­rusla over golvet og ut av dokterkontoret. Eg kjem ikkje til å gløyme avslutningskommentaren til legen då eg gjekk: «Eli Kari, det er interessant å være fastlegen din.» Eg følte meg nesten som Emil i Lønneberget, som gjekk til legen for å få hovudet opp av suppebollen ­eller mynten ut av magen.

Eg for heim att og tok meg ein øl. Eg har høyrt at øl er godt for håret, slik Emil fekk ein skillingsbolle for å få fart på mynten. Men trass i aukande øldrikking har håret mitt ikkje blitt tjukkare. Men eg har slutta å røyte, heldigvis.

Håret mitt er ein så stor del av meg, og eg er så uendeleg glad i det. Eg gjer kva som helst for å behalde langt, lyst hår. Det kan gjerne bli grått, men det skal ikkje klippast av. Nokre meiner sikkert at «gamle damer» ikkje skal ha langt hår. Men veit de, kjære landskvinner: Det drit eg i. Eg køyrer laaangt, lyst hår til eg går i grava. Ha ein hårreisande dag, amen.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer