Eg er blitt så gamal at eg hugsar gamle dagar, men ikkje så gamal at eg les nekrologar. Slikt overlet eg til folk som er hekta på Napoleonskake. Og så gamal er eg ikkje blitt enno.
Einaste gongane eg vert påminna om at tida går, er kvar gong eg må fylle ut eit personskjema på nettet. Eg synest den scrollinga ned til 1969 tek lenger og lenger tid, og det er ikkje måte på kor stor fart eg må ha på scrollehjulet for å kome langt nok ned. Her ein dag hadde eg for stor fart og feilscrolla meg heilt ned til 30-talet. Det var mørkt og skummelt der nede, så eg scrolla meg oppatt litt faderleg fort.
Mine ”gamle dagar” handla om tida før eg fekk hår på tissen, altså 70- og tidleg 80-talet. Greitt, vi kan godt seie mot slutten av 80-talet, for eg var rimeleg seint ute i puberteten, okay-okay! Vi hadde bilar den gongen, vi hadde hustelefonar, vi hadde tak på husa, soveposar, syklar, minnebøker, LP-plater, brødskiver i matpakken, slengbukser og brun saus på potetene.
Det sterkaste tidsbiletet mitt frå 70-talet er likevel røykande bankfunksjonærar. Det er noko eige med folk som heng over ein skranke og skriv med penn medan røyken frå eigen sigarett siv opp i augene på ein. Eg gløymer aldri det biletet.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger