Det er heilt sjukt å tenkje på at det er over 10 år sidan eg var 40 og opplevde mi 40-årskrise. Eg byrja brått å tenkje på at halve livet mitt var gått og kva skjer no? Er det noko meir å hente?
Skal eg sitte her og berre la livet passere i same sofaen? Med same jobben og same mannen i resten av mitt liv? Har eg fått ut potensialet mitt slik eg ynskjer? Skal eg kjede meg i hel i 40 år før eg takkar for meg, mest sannsynleg med ei dårleg hofte eller to? Skal eg stå ved eit værkart og prate om været kvar einaste dag, for så å dra heim til katten, magre svinekotelettar og sjysaus med ytterst få poteter til? Berre sånn i tilfelle eg skulle slumpe til å legge på meg?
Nope, tenkte eg, det skal eg ikkje gjere. Eg skal ut og fly! Eg skal være fri og frank. Eg skal ete så mange poteter eg berre vil. Eg må puste. Ein lever berre ein gong med tilmålt tid på denne kloden. Punktum finale.

Da Hege skulle føne håret åpenbarte det seg noe rystende
I ettertid ser eg at det nok ikkje var tilfeldig at det var i det herrens år eg fylte 41, at eg og sambuaren flytta frå kvarandre. Eg strauk til sentrum, fekk ny jobb og nytt hus. Etter ei tid også ny mann. Noko måtte skje. Rett og slett.
No er eg 51 og har ikkje kjent på noko 50-årskrise. Eg gjorde meg kanskje ferdig for 10 år sidan? Kven veit, det er mogleg eg byrjar å rasle med lenkene når eg er 60? Vel, vel, det som er interessant å sjå no, er at ein stor andel av mine 10 år yngre vener har starta å tenke dei same tankane eg tenkte for 10 år sidan. Den eine etter den andre opplever si 40-årskrise. Ein flyttar frå kvarandre over ein låg sko, om eg skal driste meg til å overdrive litt.

- Da den femte familien slengte sammen en dobbel bolledeig, knakk jeg sammen i gråt
Statistikken seier at menn ofte dreg ut av eit forhold for å starte opp eit nytt med ein annan partner. Medan mange kvinner i 40-åra dreg fordi dei ynskjer å være fri til å realisere seg sjølve. Det kan godt være noko i dette.
Men det å kome seg gjennom eit samlivsbrot vil alltid være prega av sorg uansett kor mykje frihet ein får. Slike følelsar kan lett bli kaotiske. På den eine sida kjenner ein lettelse etter å ha bore på tunge tankar lenge, og gjerne aleine, som ein endeleg har fått formidla ut. Men så er det denne sårheita og sorgen over å ha mislukkast med samlivet sitt. Det kan være tungt den eine dagen og lett som ei fjær den andre.
Det som er viktig å ta med seg gjennom denne prosessen – uansett om ein er blitt forlaten eller sjølv har valgt å gå – er at alt går over. Det ordnar seg til slutt. Ofte er det ein grunn til at det skjer.
Tida lækjer alle sår, har det vorte sagt gjennom generasjonar, og dette er ei erfaring ein ikkje skal kimse av. For når ein får kriser på avstand, ser ein alt klarare. Og ikkje minst er ein blitt erfaringar rikare.
Gjennom ei kvar krise opnar det seg andre mogelegheiter, seier ei forsliten frase. Det er heilt korrekt, spør du meg. Hugs at over skyene er himmelen alltid blå. Ei krise går som oftast over.
Annonsørinnhold
Aller Media
Raser ut av butikkhyllene, og det med god grunn
i samarbeid med Aller MediaOppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no
