- Ein ting er impulskontrollen, han kan være ein prøvelse av og til. I veldig mange tilfelle er det vanskeleg å overstyre han. Eg har tidlegare sagt at impulskontrollen svekkast i overgangsalderen. I alle fall for meg. Men kva med dei «lange» tankane? Dei som kjem igjen og igjen?
Det kan vere flaue augeblikk heilt attende til ungdomstida eller barndomen som gjer at ein vrir seg under dyna når ein har lagt seg. Eller det kan vere tankar om noko ein angrar på i nær fortid. Men dei tankane som er vanskelegast å takle, er nok dei som set deg i ei spesiell sinnsstemning eller gjer deg nedstemt.
Eg har merka meg at «død og forderving» er samtaleemne som oftare og oftare kjem opp etter kvart som ein vert eldre. Fokuset på sjukdom er rimeleg stort. Det har sin naturlege forklaring.

- Jeg så bildet mamma hadde tatt av pappa - og gråt
Kroppens forfall
Dess eldre vi vert, dess fleire plager og sjukdomar dreg vi på oss. Anten handlar dette om ein sjølv eller nære kjende. De har sikkert høyrt om dei på aldersheimen som er vanvittig oppteken av korleis fordøyelsen er? Korleis gjekk det i dag? Fekk du gått på do eller ikkje? Det er ikkje så lett å handtere det faktum at helsa vert dårlegare og kroppen forfell. Då hjelper det ofte å ta ein prat om det. Lufte det, for så å erkjenne at ein ikkje er åleine om det.
Men tilbake til «lange» tankar. Etter å ha levd eit langt liv er det ikkje berre flaue hendingar ein kan trekke opp frå ei skuff i minnet. Det kan også vere vanskelege tankar etter vonde hendingar som dukkar opp. Dødsfall av nære, traumatiske hendingar, som ei ulukke eller at ein har opplevd vald og anna. Tankar om hendingar som heimsøker ein gong på gong. Korleis takla dette?
La vonde minner leve litt
Det er svært individuelt korleis ein handterar traumer eller sorg, og eg er sjølvsagt ingen krisepsykolog. Men eg har opplevd triste ting, som er naturleg etter å ha levd i over 50 år. Min måte å handtere det triste på er å styre tankane mine i riktig retning. Det gjeld også dersom eg vaknar ein morgon og kjenner meg nedstemt og ikkje skjønar vitsen med noko som helst.
Ofte kan det være riktig å kjenne på dei vonde følelsane. La dei kome fram i minnet, og la dei leve litt. Eg kan ofte velte meg i redsel, sorg og sinne, men etter ei stund må ein legge det bort. Det er dette som er kunsten: å styre tankane sine inn på noko positivt.
I starten kan denne øvinga opplevast som nesten umogleg å få til. Men ein må ikkje gje opp. Det løsnar etter kvart. Når det skjer, er det ei fantastisk oppleving. Ei lette av ei anna verd, rett og slett.

Utslitt av «din indre kritiker»:- Det er en vei ut av denne tankegangen
En times skuffelse
Ein toppidrettsutøvar med eit konkurranseinstink vi alle kan misunne, sa ein gong til meg: «Når du taper, kan du sørge over det i maks ein time. Deretter legg du det bak deg, og så ser du framover.»
Det er ein god regel, men den er ikkje så lett å følge. Ikkje eingong for idrettsutøvaren sjølv. Men tenk på det slik som eit fotballlag eller ein sprinter gjer det: No sørger eg over tapet og tillet meg å vere rasande forbanna i 10 minutt. Men så legg eg det vekk. Ikkje for godt, men for ei stund.
Annonsørinnhold
Aller Media
Raser ut av butikkhyllene, og det med god grunn
i samarbeid med Aller MediaAlle opplevingar – både gode og vonde – formar deg og livet ditt. Men dyrk ikkje det vonde, la det ikkje ta overhand. Styr deg sjølv inn på det som gjev deg glede og meining i livet.