ANROP FRÅ EIT UKJENT NUMMER: Kven er det som er så frekke og ringer deg - som aldri har ringt før? FOTO: Astrid Waller
ANROP FRÅ EIT UKJENT NUMMER: Kven er det som er så frekke og ringer deg - som aldri har ringt før? FOTO: Astrid Waller
Ring-ring:

Du får eit anrop frå eit ukjent nummer og ser mistenksamt ned på telefonen. Deretter seier du heile nummeret høgt ut med forakt i stemma

Kven er det som er så frekke og ringer deg - som aldri har ringt før? undrar standup-komikar og KK-spaltist, Fredrik Steen.

Reint teknisk er det å få tak i folk blitt ei relativt enkel affære. Om du ikkje kan nåast på minst fem ulike, digitale plattformer er du ei sinke i trafikken. For enda viktigare enn mat og drikke i kroppen, er å kunne nåast til alle døgnets tider - og det er berre dei aller tøffaste av oss som tør å legge frå seg mobiltelefonen ein heil dag. Om du tilhøyrer denne kategorien er du i praksis ein sydpolfarar eller tindebestigar. Respekt, ass.

Mange hevdar at dei har telefonen på nattbordet i tilfelle noko frykteleg skulle kome til å skje. Det er ein edel tanke, men sjansen for at nokon ringer klokka to om natta for å spørje om du hugsar munn-til-munn-metoden er relativt liten. Sjølv har eg alltid telefonen på nattbordet i tilfelle noko fint skulle skje. Eg liker best å sovne med ei lystig innstilling i kroppen.

Opphavet til «ringing»

Men hugsar vi kva ein telefon er for noko? Eg trur det berre er eit spørsmål om tid før mobiltelefonen endrar namn. Telefonfunksjonen er nemleg den vi bruker minst på dei dyrebare dingsane våre. Men om du ser godt etter vil du sjå at mobiltelefonen din har ein app med bilete av eit telefonrør. Med denne appen kan du altså ringe til folk og ha fine samtalar med relativt god lydkvalitet.

Ein skal berre 40 år tilbake før ein ser kva opphavet til begrepet «ringing» handlar om. Telefonane før var nemleg utstyrte med to små bjeller innanfor karosseriet med ein liten hammar i midten. Når hammaren dengde laus på dei to bjellene forstod vi at nokon ringde oss og ville snakke. Då tok vi opp røret og sa «Hallo!», «Versågod!» eller liknande. Den gongen visste vi aldri kven som ringde før dei hadde presentert seg, men vi var likevel svært sjeldan engstelege for å snakke med dei.

Ukjent nummer

I dag er ringing på gamlemåten berre for den inste krinsen, og stort sett gidd vi berre snakke med folk vi kjenner frå før. I tillegg tek vi for gitt at alle ukjende anrop er frå smørblide folk som vil ha deg til å bytte straumleverandør. Slikt er forståeleg, og du har sjølv gjort det: Du får eit anrop frå eit ukjent nummer og ser mistenksamt ned på telefonen. Deretter seier du heile nummeret høgt ut med forakt i stemma. Forakten varar heilt til anropet er besvart, og du er trygg på at vedkomande ikkje er ein som snakkar gebrokkent engelsk og fortel deg at PC-en din står i full fyr.

Mobiltelefonen har mikrofon

Men innimellom viser det seg altså at det berre er heilt vanlege og hyggelege folk som vil ha tak i deg. Men om ikkje nummeret er lagra frå før tek vi ikkje sjansen, og folk må pent sende sms i forkant og spøre om det er greitt å kome innanfor intimsona di og ringe. Om det derimot skulle vere eit kjent nummer som ringer, kan samtalane bli både lange og hyggelege, og vi bryt gjerne av alt anna vi er midt oppe i for å kunne halde desse samtalane gåande. Difor ser ein ofte folk ha inngåande og heftige mobilsamtalar medan dei vert ekspederte på polet, eller held på å kjøpe sykkel til poden - alltid eit artig innslag i ein elles travel kvardag.

Det er òg banebrytande festleg å oppleve at enkelte i det offentlege rom framleis ikkje har fått infoskrivet om at mobiltelefonane faktisk er utstyrte med mikrofonar, slik at ein slepp å rope.

For nokre veker sidan fekk eg så mykje info om eit skakkøyrd sambuarforhold at eg var millimeter frå å skrive ein legeroman. Eg håper det var nokon andre på den stappfulle bussen som tok ansvar. Om du kjenner igjen avsnittet der ho seier: «Jeg orker ikke mer! Han sitter bare og spiller TV-spill, og gir faen i alt!» – så vit at eg var der! På 21-bussen midt i Oslo!

Den totale informasjonsflyten

I dag må vi alle ta ansvar og stille oss sjølve spørsmålet om korvidt vi sinkar den totale informasjonsflyten. Av og til må eg nemleg ringe og skaffe ein handverkar, til dømes. Slike samtalar fortonar seg ofte slik som dette: «Ja, hei! Dette er Fredrik Steen som ringer. Du, eg treng ein rørleggar til å setje på ein vassmålar på hovedkrana i huset. I tillegg er det noko gale med avløpet til oppvaskmaskina. Kan vi få til det i neste veke? (...) Ja, du – berre send ein mail med all den infoen du nettopp ga meg, så skal vi sjå på det og kome tilbake til deg.» (...) Den teknologiske utviklinga er fascinerande, altså. Vi må berre meistre papir og blyant først.

LES OGSÅ: «Kven vaskar seg, og kven vaskar seg ikkje når dei har vore på do?»

Til forsiden