<strong>EIT GODT HANDTRYKK:</strong> Korleis skal vi helse på kvarandre i framtida, spør KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: NTB scanpix
EIT GODT HANDTRYKK: Korleis skal vi helse på kvarandre i framtida, spør KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: NTB scanpix Vis mer

Fredrik Steen

- Eg begynner å få abstinensar etter eit godt handtrykk

Slappe handtrykk, takker Fredrik Steen nei til. Då kan du like gjerne halde fram ei dau sild.

Publisert

I likheit med dei fleste andre har eg ikkje handhelst på folk på over tre månader. For å vere heilt ærleg begynner eg å få abstinensar etter både faste handtrykk og gode klemmar frå vener og familie. For å kompensere for dette har eg blitt ein habil treklemmar dei siste vekene. Eg var litt sjenert i starten, men på søndagsturane mine no får både bjørk, osp og ask ei runde med god og tett kroppskontakt.

Eg held likevel ein knapp på furua. Nokre liker thai-massasje - eg får massert sjela gjennom ein lang og tett bamseklem med ei rank og solid furu. Eg er normalt ikkje så melankolsk av meg, men eg får allereie ein klump i halsen av å tenke på at handhelsinga som mellommenneskeleg anerkjenning kanskje kjem til å forsvinne.

Og så kom eg til å tenke på den austlege måten å helse på – med begge hendene saman peikande oppover midt på brystet medan ein bukkar mot den ein helsar på. Kanskje denne helsetradisjonen utan handkontakt med den andre kom som eit resultat av virusfrykt for tusenvis av år sidan? Kven veit?

LES OGSÅ: Er det mulig å be om litt mindre service?

Fredrik Steen (50)

  • Feminist og fast spaltist i KK
  • Er forøvrig komikar, skodespelar og songar.
  • Er sambuar, har fire barn
  • Oppvaksen i Ulsteinvik, men no busett på Austlandet

Nekta å handhelse

Eg har alltid likt å ta folk i handa – gode og faste handtrykk. Slappe handtrykk er verste sort, og eg har opp gjennom åra forundra meg stort over at enkelte vaksne folk ikkje forstår kva slags signal dei sender ut. Eg har tatt folk i hendene som like gjerne kunne ha helde fram ei daud og lunka sild.

Du har òg den sjenerte handhelsaren - som gjerne tek deg i handa, men nyttar høvet til sjå rett ned i bakken så lenge handtrykket varar. Blikkontakt er ei skummel øving for mange.

Det er sjølvsagt ikkje alle som vanlegvis - pre-korona - får eit handtrykk frå meg. Postmannen og han frå Kolonial som kjem på døra med matvarer skal sleppe, men alle andre som eg skal ha noko å gjere med, får som regel eit fast handtrykk og eit godt blikk frå denne kanten. Ikkje så hardt at det gjer vondt, men hardt nok til at den andre ikkje gløymer deg.

Eit skikkeleg handtrykk skal først og fremst vere ei anerkjenning, ein slags lovnad om at vi stolar på kvarandre og ser kvarandre som likeverdige menneske, uansett kva bakgrunn vi skulle ha. For tre år sidan skulle eg selje leiligheita mi, og eg stod sjølv for visningane. Ein kveld kom der eit ungt par som pent hadde bede om privat visning. Dei kom til avtalt tid, og begge to møtte meg med faste, gode handtrykk og gode og venlege blikk.

Rett bak kom mora til den unge kvinna. Ho passerte meg som om eg ikke eksisterte, og eg vart ståande med handa mi i lause lufta. Den unga kvinna såg kva som skjedde og kom med ei oppklaring «Beklagar, men mor mi handhelsar ikkje på menn. Ho meiner ikkje noko vondt med det, altså!»

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på ein som dusjar

Den nye måten

KK spaltist Fredrik Steen
KK spaltist Fredrik Steen Vis mer

Eg kjende umiddelbart at eg fint kunne leve med at ho ikkje ville ta meg i handa, men når eg ikkje ein gong fekk eit nikk i mi retning følte eg med kraftig nedgradert i min eigen heim. Eg eksisterte rett og slett ikkje for denne kvinna, og det vart ei rar visning. Det var utfordrande å ha nokon i stova mi som gjekk rundt og kika på mine private eigedelar samstundes som ho behandla meg som luft.

No når Korona-smitta har snudd opp ned på alt, må vi sannsynlegvis finne oss ein ny måte å helse på. Eg foreslår varianten med høgrehanda på brystet, eit smil og eit nikk etterfølgt av eit «Hei!» og presentasjon av namna våra. For det eg veit kan det hende at denne metoden til og med kan fungere betre enn den tradisjonelle handhelsinga. Det er noko fint med å halde handa på hjartet samstundes som du du nikkar og ser den andre i augene.

No når vi ikkje kan vere så mykje og så tett saman som før er jo vi nøydde til å knytte band på nye plan, på nye og varige måtar. Handa på hjartet, blikk mot blikk, eit lite nikk og eit smil. Du er ikkje luft. Eg ser deg. Eg anerkjenner deg. Kan funke det?

LES OGSÅ: Pass deg for gale hundeeigarar!

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

kk er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer