Merkar du at du blir lettare rørt etter som åra går? At det å ta til tårene kanskje er noko ein oftare gjer no enn før?
Det er mangt og mykje som kan røre oss til tårer. Det treng ikkje vere noko som er trist. Nokre blir rørt av ein vakker solnedgang eller barn som syng i eit sjarmerande kor. Andre kan bli rørt av nydeleg musikk eller ein romantisk film som endar godt. Eg kan gjerne leve meg så voldsomt inn i ei engasjerande nyhetssak og bli så forbanna at tårene trillar. Vi som er i overgangsalderen, merkar nok mykje av dette. Hormonsvingningar er nok ein gong svaret.

I 26 år har Eline (29) prøvd å vinne denne pengepremien
Når ein er i ei emosjonell berg-og-dal-bane, vert kjenslene ofte så sterke at tårene kjem ut. Både fordi ein vert rørt eller glad eller sint eller rett og slett berre godt gamaldags lei seg. Nokon gonger er det ein lette å gråte litt. Det treng ikkje å vere nokon spesiell grunn. Ein rett og slett lettar på trykket. Det er ikkje alltid ein klarar å sette ord på kjenslene sine. Dei berre er der som ein slags tilstand, ja, rett og slett ein sinnstilstand. Då kan det ofte vere godt å få gråte ut.
Det som eg funderer på, er at det faktisk er påvist at ein får mindre kjensler når ein vert eldre. Med det meiner eg at ein opplever kjenslene sine i mindre grad. Det å bli imponert eller gjere noko impulsivt, bli hoppande glad eller fyre seg opp i sinne er ikkje dagleg kost på same måte som før. Ein beheld roa, for å seie det sånn.
Eit menneske som har levd lenge og opplevd mykje, vil ikkje ha dei same sterke opplevingane i sitt indre landskap som før. Det har det vore forska på. Kanskje det er litt det same som med smakslaukane våre? At vi likar sterkare smakar når vi vert eldre? Eg kan hugse at eg i tenåra ikkje klarte tanken på muggost og sursild. Men då eg nærma meg 30 år, så elska eg begge delar. Smakslaukane mine hadde utvikla seg i ein retning der eg klarte å nyte sterkare smakar enn pannekaker og middagspølse. Det må altså sterkare lut til for gje meg ein god smaksoppleving. Det verkar på mange måtar logisk.
Det som er så rart med denne påstanden om at dess eldre du blir, dess mindre sterkt opplever du kjenslene dine, er at eg ikkje får det til å stemme med min eigen emosjonelle berg-og-dal-bane nett no. Eg opplever kjenslene mine praktisk talt sterkare no enn før. Kan det hende at eg opplever ein slags «grande finale» i kjenslelivet mitt? At når hormonane får lagt seg og overgangsalderen kanskje er forbi, så sit eg att med eit fattigare indre liv? Det synest eg høyrest trist ut.
Eg bestemmer meg for at forskning får vere forskning, og så hiv eg meg på min eigen teori om at kjenslene mine vil vare evig. Eg ser for meg at når ein har lang erfaring med seg sjølv, så taklar ein kjenslene sine på ein betre måte. Det ville vere trist ikkje å kunne kjenne på opp- og nedturar når eg ruslar inn i pensjonistlivet, det er jo når det går litt opp og ned, at ein kjenner at ein lever. Det er jo når eg vert eldre, at eg får betre tid og skal kose meg med bringebærgelé og vaniljesaus. Kvar einaste dag! Og DÅ skal eg kjenne meg lukkeleg og tilfreds.

- Eg er forberedt på det verste

- Også de små «veskehundene» blir raskt en trussel i skisporet
