Då eg gjekk på ungdomsskulen, spelte vi eit lommespel som heitte Donkey Kong. Eg var heilt hekta. Det vesle oransje spelet, som du kunne klappe saman og legge i lomma når du ikkje hadde meir batteri igjen, var så kjekt. Den store gorillaen som gjekk rundt og knekte koksnøtter, var ein figur som eg hadde stor glede av. Lyden som traff øyret av klingande koksnøtter og trillande poeng, var som den reinaste musikkfestivalen i øyret mitt. Eg var hekta.
Akkurat slik som eg var på Pac Man. Mitt absolutte favorittspel då eg gjekk på vidaregåande, der ein jakta på spøkelser og kirsebær i ein forrykande fart. For ikkje å snakke om Super Mario. Eg elska Super Mario. Den vesle rørleggaren som hoppa på store, kjøttetande plantar og flugesoppar for å redde prinsessa frå det skumle monsteret. I Super Mario-tida mi på midten av 2000-talet sto eg opp om natta for å spele meg opp eit nivå i smug.

Lei av å forklare Zlatan-bilde på telefonen
Det som er litt rart å tenke på når eg minnast desse spela, er at dei var svært snille og greie samanlikna med mange av dagens spel. «Fortnite» er til dømes eit skytespel. Men ein skal også bygge svære konstruksjonar undervegs, så her trengs det fokus. Det er eit lysår i forskjell frå mine kirsebæretande spøkeleser eller ein apekatt som samla kokosnøtter. Tidene har forandra seg. Då eg var på «gamingen», om ein kan kalle det noko i den duren, fanst det ikkje LAN, altså datatreff der mange møtes for å spele i lag på eit lokalt nettverk. Det fanst ikkje svære «gaming-setup» med tre skjermar i bruk på same tid. Ei heller headset kor ein prata online med kompisar frå alle verdshjørne, som mamsen i tillegg ikkje har peiling på kven er.
Det nærmaste vi kom slike konkurransar i mi tid, var eit slag sjakk for heile familien kor pappa som oftast herja vilt. Det å være mor til ein tenåring som dreg til Sverige på LAN med kompisar du ikkje har anelse om kven er, det er beint fram ein prøvelse for ei lettare nervøs mamma. Men ein lyt berre stole på at det går fint. Eg skulle så gjerne ha vore med. Eg skulle så gjerne ha opplevd eit LAN. Eg ser det så levande for meg. Ein svær hall med tusenvis av lysande skjermar. Ein hurv med gutar og jenter som har gaming som felles interesse. Eit fokus som verden sjeldan ser. Ei glede over å samlast for å gjere det ein elskar mest av alt i hele verda.

- Eg må skjerpa meg
Eg oppdaga at gaming-mødrene er på chat. Dei kjem susande med oppskoren frukt på LAN-et (som eg ikkje får lov være med på) og gir tilbod om skyss via Twitter. Eg ser meg slegen. Eg har ikkje brukt Twitter-kontoen min på hundre år. Trudde den vesle fuglen var gått av ved døden for lenge sidan, men her tok eg feil. Eg har bomma fullstendig. Kanskje ikkje så rart at min einborne son ikkje vil ha meg med på LAN. Eg blir sett på som eit malplassert daukjøtt. Noko eg heilt sikkert også er. Nei, la meg halde meg til syklubben. Gaming-mammadraumen må nok skrinleggast og låsast inne med ein virituell nøkkel akkurat slik som prinsessa i Super Mario. Med mindre eg knekkjer koden og overvinn monsteret, sjølvsagt!
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Ville du gitt meg setet ditt?

- Barna mine har flyttet hjemmefra, og jeg ELSKER det
