Eli Kari Gjengedal:

- Eg brukar det som terapi når eg ligg og ikkje får sove

Det hender at eg får det vi kallar «hangups» på noko.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Ei gåve til jul eller bursdag som du hadde ønska deg vel og lenge? Nye sommarsandalar som du masa om, og eigentleg ikkje hadde bruk for, men fekk berre fordi dei hadde Mikke Mus-øyre og var raude?

Den følelsen er berre heilt unik. Eg hugsar at når eg la meg om kvelden, så ville eg ta med meg det eg hadde fått, i senga. Eg måtte liksom ligge der og sjå på det medan eg sovna. Kjenne på det glatte håret på barbiedukka eller den mjuke pelsen til pink panteren eg hadde spart pengar til (ved å trille små­ungane til naboane), som kosta heile 81 kroner på bokhandelen i Sogndalsfjøra. Eg var så glad og lykkeleg at eg nesten ikkje fekk sove.

Ingenting er som å glede seg over noko ein har ønskt seg eller spart til og endeleg har fått tak i. No når eg er vaksen, og vel så det, har eg av og til sakna den følelsen. Mykje fordi eg ofte kjøper det eg har lyst på sånn heilt utan at det er bursdag eller jul. Eg er ein av mange som kan gjera det her til lands. Så skal det seiast at eg har svært få dyre vanar. Eg er ikkje så opptatt av kostbar mote eller interiørdesign. Eg kjøper mykje brukt. For å sitere sonen min dersom eg spør han til råds på butikken: «Mamma, du kan berre kjøpe det du vil, heime passar ingenting, og då passar vel alt?» Som de skjønar, eg har ikkje noko særleg til stil. Men det er no greitt det òg, viktigast er at vi har tak over hovudet.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer