Eli Kari Gjengedal:

Eg elskar klubb

Klubb, sa du? Vart du litt forvirra her no? Er ikkje klubb kun for eldre damer? Sånne som mamma på 85 år?

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Nei! Trass i at året er 2021, lever den gode, gamle frueklubben – eller jenteklubben – i beste velgåande.

Googlar du frueklubb, så kjem det opp ei heil røys med ulike klubbar. Alt frå idrettsklubbar til hobbyklubbar. Vinklubbar. Gourmetklubbar og syklubbar. Bokklubbar, filmklubbar og sjakklubbar. Det er endelaust!

I alle tider har kvinner hatt eit behov for å samlast og prata om sine eigne ting. Ein god, ­gamaldags kvinneklubb har meir eller mindre eksistert sidan vi var ur­mennesker. Klubben er rett og slett ein institusjon for oss kvinner.

Eg kan hugse den gode lukta av stearin­- ­­lys og eit vrimmel av parfyme og Elnett-­hårspray i huset når mamma hadde klubb på 70- og 80-talet. Dei gode ­venninnene hennas strøymde opp trappa og inn i stova. Her var det dekka opp med mammas finaste dekketøy, alt etttersom kva slag klubbgjeng som kom.

Var det leseringen, så kom det rådyre porselen-­tesettet på bordet, og det vart servert nysteikte rundstykke med ulikt pålegg. Som til dømes ost med herme­tiserte mandariner eller svinesteik med svisker. Var det jentegjengen, var det høgstetta glas på nydeleg linduk som omkransa fondysettet når damene sat ­rakrygga med blomstrande serviettar på fanget og ­duppa smørmøre indrefiletbitar i olje. Det oste av ­latter i lufta og ikkje minst alvorlege diskusjonar om alt mellom himmel og jord. Frå rommet mitt elska eg kvart sekund av mamma sine klubbar.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer