Eli Kari Gjengedal:

- Eg er ein av dei som berre elskar Grandiosa

Mange vil sikkert seie at eg er trashy når det kjem til mat.

ELI KARI GJENGEDAL: Eg skulle nok kanskje prioritert sunn mat oftare, men søren heller. Eg likar å kose meg. FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Eg skulle nok kanskje prioritert sunn mat oftare, men søren heller. Eg likar å kose meg. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Ikkje berre fordi det er bensinen vår og vi ikkje klarer oss utan. Det er også avgjerande for trivsel og velvære. Mat i ulike settingar kan være til både glede og besvær. Det å få i seg rett mat er svært viktig.

Er du i vekst, er det sjølvsagt lurt med sunn mat som bygger kroppen og utviklar hovudet. Noko mat kan være direkte skadeleg for psyken, og noko mat er ikkje bra for vekta og kroppen.

I forbindelse med overgangsalderen er det meir ­eller mindre bevist at ein kan redusere plagene sine ved å ete riktig mat og riktige mengder. Eg har til dømes kjent på at for mykje alkohol og sukker kan få meg rett i kjellaren. Det gjev meg fleire svettetokter og gjer meg meir nedstemt. For ikkje å snakke om mat som gjer at eg kjenner meg opplåst.

Korleis kroppen vår reagerer på mat, er svært individuelt, så det er ikkje sikkert at det som er bra for meg er like bra for deg. Eller dårleg.

Eg er ikkje fanatikar på nokon som helst måte. Eg kosar meg med god mat så ofte eg kan. Men eg tek også matvalg som er bra for meg og min kropp innimellom. Eg skulle nok kanskje prioritert det oftare, men søren heller. Eg likar å kose meg.

Minner om fjell og barndom

Eg har heldigvis veninner som er svært opptatte av kva dei puttar i seg. Frå dei har eg lært mykje. Men det er ikkje sikkert at eg alltid brukar det eg har lært. Når eg handlar på butikken, er det ofte at valget fell på det som er billeg. Eller dei produkta eg rett og slett likar best. Eg elskar til dømes suppe­posar. Det er klart at eg kan vispe i hop ei suppe frå botnen av, så det handlar ikkje om latskap. Det er rett og slett berre det at eg likar suppeposar så mykje betre. Ei Toro tomatsuppe har ein smak som minner meg om fjell og barndom. Eit lite kokt egg og litt makaroni, så er eg happy.

Eg er ikkje verre på det enn at eg seier at eg elskar frosenpizza også. Igjen kan eg sverge på at eg og kan svarve i hop ein pizza på null tid frå botnen av. Men eg er ein av dei som berre elskar Grandiosa. Er det så farleg om ein diggar billeg Tress-is eller light brus av ulike slag? Mange vil sikkert seie at eg er trashy når det kjem til mat. Men eg er ikkje villig til at mat skal gå til hovudet på meg.

Alt eg diggar å ete

No om dagen er det fokus på ultra­­prossesert mat. Eg skjønar jo at eg er i ein kategori der ein bør redusere denne typen mat. Det er jo alt eg diggar å ete. Men så likar eg heldigvis så mykje anna også.

Eg har per dags dato ikkje dårleg helse ­eller for mange kilo på kroppen, etter oppskrifta i alle fall. Er det ikkje greitt at ein balanserer maten litt?

I julen spiser mange klementiner, men det er enkelte ting du må være obs på. Video: Jenny Emilie Aas Vis mer

Eg orkar rett og slett ikkje å dra land og strand rundt for å finne dei rette kjøttpølsene å legge på grillen. Folk får beint fram ta til takke med Gilde-­pølser når dei kjem til meg. Ikkje gidd eg å øydelegge pasta bolognesen min med asparges og laks når eg ­elskar å køyre den klassiske med tomat, løk og raspa ost på toppen? Neeei … Eg seier som legen min: Alt med måte både den eine og andre vegen. Bon apetitt!

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet