Då eg var lita, feira eg og familien min påske i Nordfjord, der heile slekta mi kjem frå. Det er ein liten, trong V-dal med ei elv i midten og bratte fjell på begge sider. Eg hugsar at skredfaren stort sett var alvorleg høg i fjellsida rett over elva for garden vår. Nokre gongar hende det at eg sat og såg på snøskreda som rulla nedover fjellsidene og landa i elva på den andre sida.
Nesten halve året kjem ikkje sola over fjelltoppane i Gjengedalen. Men når påska kjem, så sildrar solstrålane ned langs fjellsidene. Meir og meir for kvar dag som går. I påska kosa vi oss med dei gamle tantene til mamma på garden der mamma si mor kom frå. Det var eit gamalt gardshus kor eg og syster min sov på rommet over kjøkenet.
Alle rom i huset hadde namn, og vårt rom heitte «kjøkenlemmen», som direkte oversett er loftet over kjøkkenet. Andre rom i huset heitte «stovelemmen», som då er loftet over stova. Der sov foreldrene mine, og på det rommet stod det ein gigantisk sølvfarga kakkelovn som eg følte dekte heile den eine veggen. I underetasjen var det stova og kjøkenet, spiskammerset, kammerset, nyestova og mellomstova. Som de skjønar, var «mellomstova» den stova som låg mellom stova og nyestova. Her kan det lett gå i surr for ein stakkar, men på gardane tidlegare var det vanleg med namn på romma alt etter kor dei låg i huset. Det var sjølvsagt ein kjellar underst og ein potetkjellar innerst i kjellaren. Der var det alltid kaldt, og både syltetøy og anna mat heldt seg godt i potetkjellaren. Spekemat, pølser og flatbrød hadde dei på stabburet, eller slik som på vår gard: oppe på skrålemmen.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger