Når eg tenker på ordet intuisjon, så ser eg alltid for meg fargen lyseblå. Eg anar ikkje kvifor det er den fargen som dukkar opp i mitt indre landskap når ordet blir nemt.
Kan det være fordi fargen symboliserer himmel og hav? At noko uendeleg blir assosiert med ein farge som ikkje er truande? Eg veit ikkje, men intuisjon er ei kraft vi skal lytte til. Alle er fødde med ein eller annan form for intuisjon, eller magefølelse, om du vil. Kanskje vi til og med kan kalle intuisjonen for den sjettesansen vår? Den sansen som ikkje er konkret, men som gjev oss eit forvarsel eller ein peikepinn på noko? Eller får oss til å handle utan å tenke?

- Jeg hadde null kontakt med bakken, bilen bare skled ut mot grøfta
Av og til får vi ei kjensle av at noko skal skje eller at nokon kjem til å skuffe oss eller glede oss. Ei kjensle som berre ligg i magen. Ofte er denne kjensla korrekt. Intuisjon kan også openberre seg i draumane våre. Vi kan drøyme noko som rett etterpå faktisk hender. Er det ikkje rart?
Eg opplevde ein voldsomt sterk intuisjon da eg gjekk gravid med min einborne son, Nikken, som no er 17 år. (Gud kor tida går.) Eg hadde så sterk intuisjon at eg drøymde at pappa vart skada ein sommardag. Vel å merke drøymde eg at han saga av seg foten med motorsag. Skaden var heldigvis litt mindre farleg. Han braut handa fordi han fall ned frå ein stige påfølgande dag, etter at eg hadde opplevd draumen. Eg hugsar eg ringde mamma for å høyre om alt var bra med pappa, og der hadde han altså kome heim med armen i fatle berre ein time før eg ringde. Ganske rart.
Kan intuisjonen være hormonstyrt? Ikkje veit eg. Når ein er gravid, er hormonane i ulage. Det same er dei i overgangsalderen. Eg har ikkje drøymt noko rart i det siste. Men eg har hatt rett i mykje når eg har kjent etter magefølelsen min dei seinare åra. Ofte er det i negativ retning, dessverre, altså det er slik at eg håpar at magefølelsen min ikkje kjem til å stemme. Men så gjer den det. Det positive med det er at eg då stort sett alltid er forberedt på det verste. Då vil ein takle det meste greitt.

- Også de små «veskehundene» blir raskt en trussel i skisporet
Det viser seg at magefølelsen er mykje sterkare hos emosjonelle menneske, noko som kan forklare min sterke intuisjon då eg var gravid. Hormonkrøll endar ofte opp i ein forsterka emosjonell tilstand. Så kanskje eg ikkje er så ute og syklar når eg påstår at intuisjonen, eller magefølelsen, min var sterk då eg gjekk gravid, og at den er sterkare no i overgangsalderen enn den var tidlegare.
Dei fleste av oss er ikkje vande med å tenke på intuisjon som noko konkret. Intuisjon er ofte knytta til det okkulte, men intuisjonen eller magefølelsen sit faktisk i hjernen vår. (Du trudde vel ikkje den sat i magen?) Det er ikkje alltid at vi har tid til å vurdere situasjonar eller opplevingar bevisst, og då er det at den ubevisste refleksen som tar over. Vi tek raske avgjersler utan å ha tenkt så veldig mykje gjennom det.
Mi erfaring er at det er smart å kjenne på magefølelsen. Det er lurt å lytte til den ubevisste kjensla. Ta deg tid til å kjenne etter intuisjonen din. Det er den sansen som ofte druknar i alle dei kalkulerte avgjerslene vi tek i ein verden kor alt vert sett i system. Den sjette sansen vi alle er fødde med, bør vi ta oss tid til å dyrke litt meir, spør du meg. Kjenn berre godt etter, kanskje har du lyseblå sommarfulgar i magen.