Eli Kari Gjengedal:

Eg er nedstemt og det heilt utan grunn

10 prosent av alle som er i overgangsalderen, er svært plaga av dette, skriver KKs spaltist Eli Kari Gjengedal.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Kvifor er eg deppa?
Føler draumar fell i grus
Eg sit jo her i sola
Og drikk herleg sukkerbrus

Det hender det at eg gjer. Ikkje ofte, men nokre gonger skjer det. Eg vert ofte liggande litt ekstra i senga på slike dagar og kjenne på denne følelsen. Medan eg ligg slik og veltar meg i liding, lurer eg svært på kvifor eg har det slik. Eg leiter med lykt og lupe etter kva det er som er grunnen til denne klumpen. Har eg sagt noko dumt til nokon? Har eg ikkje vore snill nok mot mannen min? Har eg vore egoistisk? ­Kanskje eg ikkje var lenge nok saman med sonen min i helga? Kan det hende eg har sagt noko negativt om andre, eller har eg sluntra unna på jobb? Hey ... kan det være at eg var på fest og slengde litt ekstra med leppa eller dansa som ei villkvinne og dreit meg ut? Med andre ord: den gode gamle fylleangsten?

Nei, eg kan seie «check nope» på alle spørsmål. Kva i all verda er det eg har ein så dårleg følelse for då? Eg har jo vore både høfleg og grei etter mi meining.

Svaret er mest sannsynleg at eg er nedstemt og det heilt utan grunn, noko som er ganske vanleg i overgangsalderen. Ein kjem rett og slett inn i ein akutt, kortvarig depresjon.

Humørsvingningar er ikkje noko nytt i overgangs­alderen, og det kan knyttast til så mangt. Det kan være at ein har svetta seg gjennom natta og er dødstrøytt når ein endeleg, etter ein hard kamp med dyna av og på, skal stå opp. Det kan være ein auka følelse av bekymring. Det kan være svettetokter som har slite ein heilt ut i løpet av dei siste dagane. Irritasjon over at folk heime ikkje ryddar ­etter seg? Kven veit?

Ein ting som er heilt sikkert, er at det kan knyttast opp hormonsvingningane i den hardt prøva overgangs­alderkroppen. 10 til 15 prosent av alle som er i overgangs­alderen, er svært plaga av slik nedstemthet. 40 til 50 ­prosent har overkommelige problemer med dette. Dei resterande prosent­ane kjenner svært lite til det.

Eg trur eg er midt på treet. Mi ­erfaring så langt er at eg kan kjenne på ein nedstemthet, litt angsfull paranoia for null og niks innimellom. Eg tenkjer til dømes: «Kva er det eg held på med? Kva er vitsen med dette?» Eg har lyst til berre å ligge i senga heile dagen og småsove. Eller valse rundt i morgonkåpa som ein zoombie utan bh og med ein fersk eggeflekk på kragen. Det ballar på seg!

Eg har lyst å velte meg i sjølvmedlidenhet og sjalusi på alt og alle medan eg stappar i meg smågodt, som sjølvsagt matchar den fargerike morgonkåpa eg har på meg. Eg kjem så langt at eg opplever at alle rundt meg så smått er idiotar og at eg, sjølvaste moralens voktar, er den einaste med vettet i behald.

Altså, det er når eg kjem til denne fasen, at blålysa kjem på for fulle mugger. Mitt indre etiske kompass uler i vill alarmberedskap. NO må eg ta nokre runder med meg sjølv. Her er det kun ein idiot, og den idioten heiter Eli Kari. På slike dagar gjev eg meg sjølv og deg dette rådet:

Kom deg ut av gjørma, krøll håret, ta på deg den raudaste leppestiften verda har sett. Heng ditt finaste smykke rundt halsen, og gå ut i verda. Rak i ryggen på høghæla sko skal du ta verda med storm. Får du lyst å vise den berømte ­«finger’n», så skal du heller pøse på med kompliment til den du passerer på vegen. Styr tankane dine i rett retning, og smil til verda, så lovar eg deg at verda smiler tilbake til deg.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer