Eli Kari Gjengedal:

Eg er rett og slett blitt meir framtung enn før

Eg må berre innrømme det: Overgangsalderkiloane har bite seg fast.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert
Sist oppdatert

Prøv å være ei høveleg fersk overgangs­alder-lady i ein pandemi. Mange pratar om det berømte koronafeittet. Heimekontor og kjedesnacksing er ein rimeleg kjip ­kombinasjon over tid. I alle høve om ein har lyst til å være sånn cirka like slank og muskuløs som ei smidig danserinne.

Eg er ikkje så oppteken av å være så veldig slank, men kanskje meir proporsjonert jamt over. Det er eit kunststykke, kan eg seie dykk. Ikkje ­berre på grunn av at ein har helde seg ­mykje ­heime med ostepop og prosecco under pandemien. Men når ein kjem i over­gangsalderen, er det lett for å legge på seg. Grunnen er rett og slett at hormona våre ofte påvirkar forbrenninga.

Det har seg også slik at yngre kvinner lagrar fett lenger nede på kroppen enn ­eldre kvinner. Altså, mange går frå pære- til epleform meir eller mindre over natta. Livsstilen endrar seg ofte også, ein har tid og råd til å gå meir ut og kose seg med restaurantmat og god drikke når ein vert eldre og ungane veks til. Muskelmassen kan også forsvinne, og med den går som kjent forbrenninga ned. Ein har rekna seg fram til at ei frisk og rask overgangslady (ja, eg brukar konsekvent kvinneordet lady) i gjennom­snitt legg på seg fem til seks kilo. Olalaaa! Det er seks pakkar margarin rett på magen. Det kjenner ein i aller høgste grad på bukselinningen.

Sjølv om eg i mitt stille sinn innbiller meg at eg er noko heilt for meg sjølv – altså, at ikkje noko som helst bit på meg slik det bit på alle andre – så må eg innrømme at overgangsalderkiloane har bite seg fast, bokstaveleg talt. Kroppen min har med andre ord gått heilt etter kvinnekroppoppskrifta. Eg er rett og slett blitt meir framtung enn før.

Her hin dagen, etter at eg hadde spredd sol og regn over det ganske land og varsla været på tv, fekk eg ­tilbakemeldingar om kroppen min. Etter 21 år i tv-ruta har eg høyrt både det eine og det andre, men denne gongen kom noko nytt opp på den kroppslige agendaen. Det var sjåarar som lurte på korleis eg kunne ha så slanke bein og samstundes så store bryst. Det er heilt imot naturen, fekk eg opplyst. Her har det vore kyndig ­medisinsk hjelp på ferde. Ja, dei tok til og med ordet silikon i sin munn. Eg visste ikkje heilt om eg skulle bli dødeleg fornærma eller ikkje. Eg enda opp med å le litt. Det var på mange måtar søtt. Altså, litt søtt at nokon er så oppteken av ein annan sin kropp at dei faktisk set seg ned og skriv ei mindre avhandling om den.

Etter å ha fundert litt fram og tilbake landa eg på at dette var egentleg ganske ugreit. Kva i all verda har vel folk med å gjere om eg har slanke bein og samstundes er litt framtung? Det er no for søren ikkje mi skuld at ­hormonane mine jobbar ujamt med forbrenninga mi. Eg må berre akseptere at kroppen min forandrar seg i takt med alderen. Og i denne prosessen treng eg ikkje folk som sklir inn frå sidelinja for å fortelle meg det som skjer. Eg klarer det heilt fint sjølv, takk!

Eg seier dykk: Gå med rak rygg uansett om du er framtung eller baktung. Eple eller pære. Vær stolt av ­akkurat den kroppen du har fått utdelt. Den er heilt normal, og best av alt: berre din.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer