Eli Kari Gjengedal:

Eg er så ­rasande at eg kan ete gråstein

Kvifor er eg så svimmel i periodar? Eg har funne svaret.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

No skjer det! Eg er ferdig. Dette kan ikkje være anna enn eit forvarsel på hjerneslag!

Eg har vore svimmel lenge. I større eller mindre grad. Nokre gonger kjem det når eg trør ut av senga. De anar ikkje kor mange gonger eg har måtta fokusere på den runde matta med orientalsk mønster i kvitt og turkis eg har ved senga mi, for å finne fotfeste når eg står opp. (Ja, eg er komen så langt at eg må trø ned på noko mjukt og varmt ved sidan av senga mi, det nytter ikkje å sette snabbane ned på eit iskaldt tregolv lenger. Eg som med støvangsten min hatar tekstilar på soverom, ein må kapitulere til slutt folkens.) Eg står tvikrokete i nattkjolen og held meg fast i senga, medan eg fokuserer på matta mi ganske lenge før det går over.

Det er ikkje ein spesielt artig måte å vakne opp på om morgonen for nokon, men sånn er det blitt. Nokre gonger svimlar eg når eg tek på meg skoene, andre gonger berre når eg går bortover golvet.

Det skumlaste er når eg på fortauet må begynne å støtte meg på bygårds­veggane på veg gjennom sentrum til jobb. Ikkje er det eit spesielt elegant syn, heller, der eg står i dei raude høghæla støvlettane mine og ser ut som eg har teke eit glas for mykje.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer