Vi går no inn i ei kjøligare årstid, noko som passar meg perfekt og sikkert mange av dykk lesarar også. Dei som heldt seg på Vestlandet og i Nord-Norge i sommar, fekk ikkje mykje å skryte av når det gjaldt sol og temperaturar. I alle fall om ein er glad i varme over 20 grader. I dei delane av landet drukna sommaren i regn og skyer for mange.
Min absolutte favorittemperatur er 23 grader. Då er det ikkje for kaldt til å gå med sommarkjole, og ikkje for varmt for litt aktivitet av eit nokså dovent slag utan å svette blodet av seg. Altså, med aktivitet meiner eg ein tur på fjellet eller ein enkel rusletur på butikken eller noko i den duren.
Men skulle temperaturane starte å klatre oppover på termometeret og komme over 25 grader, ja, då byrjar mine varsellamper å lyse. Og endar vi opp mot 30, slik eg opplevde i Spania då eg var der ei lita veke i sommar (35 på det varmaste i skuggen), ja, då er eg ille ute. Eg taklar det rett og slett ikkje, det blir for varmt. Eg får nesten klaustrofobi. Eg badar i min eigen sveitte. Eg vert uvel. Alt er vått og fælt.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger