Smertene i handledda mine, som gjorde at eg hadde angst for at livet mitt var over for snart tre år sidan. Smertene som fortalde meg at eg er midt i livet og ikkje tenåring lenger. Smertene som gjorde at eg starta å reflektere over kor livet mitt var blitt av. Kor åra var gått, og kva eg hadde gjort ut av det. Smertene som enda opp med ei bok om det å bli eldre. Gudane veit kor lenge eg hadde vore i overgangsalderen før eg i ein alder av 48 år fekk det svart på kvitt frå fastlegen min.
Dei siste vekene har handleddsmertene vore tilbake. Og ein liten brøkdel av angsten … Men kva søren? Skal eg la meg vippe av pinnen igjen?

«Eg sprekk som ei kokt pølse og gafflar innpå bollar»
Det er nemleg ikkje slik at ein brått kjem i overgangsalderen, og brått er ute av den. Som å skru av og på ein brytar. Det tar dessverre si tid, som dei seier. Eli Kari er jamt over steikande utolmodig og vil helst være ferdig med saker og ting før det er begynt. Men her må ein smøre seg med tolmod folkens, det har eg skjønt. Tida er gått. (Kor er den forresten blitt av?)
Det er som sagt tre år sidan eg kjende smertene fyrste gongen. Etter det har dei kome og gått som ei omgangssjuke på hausten. Men denne gongen har eg hatt det lenger og verre enn på ei stund. Vi er igjen i gong med smerter som gjer at eg ikkje klarer å halde mobiltelefonen min. Eg må lese meldingar og skrolle på nettet med telefonen i glaskarmen eller på ei pute på fanget. Eg må knytte nevane og strekke dei ut dersom eg køyrer bil meir enn i nokre minutt. No er det mogleg eg er i overkant krampaktig i rattlaget mitt, men lell. Eg held på kalde matvarer frå kjøleskapet for å lindre smertene i handledda litt. Og medan eg står og tvilheld på ei kald appelsin, kjem frykten snikande … Har eg no fått leddgikt eller noko endå verre? ALS?

- Ikkje la andre få snakke deg ned
Uff, eg må ikkje la meg dra meg sjølv ned i eit fiktivt dødsrike igjen. Eg må dra meg opp og fortelje meg sjølv at eg er ein realist. Eg VEIT jo kva dette er! Det er østrogensvinn i kroppen min. Enkelt og greitt.
I overgangsalderen minkar østrogenet, som passar på at ein ikkje får betennelse i kroppen. I alle fall hindrar det så godt som råd. Når irritasjon oppstår i ledda, får ein smerter eller kjenner ein form for stivheit i ledda. Det er dette som skjer.
Det er sjølvsagt ikkje alle i overgangsalderen som opplever det. Men ein del kjenner på leddsmerter, slik som eg gjer akkurat no. Det finst hjelp, ein kan fylle på med østrogen, og ein kan sjølvsagt redusere tida på mobiltelefonen kraftig. Kanskje eg skulle kasta mobilen veggimellom og heller ta meg ein runde i skogen? Lufte vetet er alltid ei løysing. Ein tur ut i guds frie natur er godt for kropp og sjel, det inkulderer sjølvsagt også handledda mine.
Kjære overgangsvenn, når det røyner på i ein eller anna retning, så ta deg ein luftetur. Når du er heime att, ser alt så mykje lysare og lettare ut. Det gjer det ALLTID, det er min erfaring. Om du hiv deg rund i sofaen og stikk ut, ha ein triveleg tur!
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

- Det går vel ikkje an å sitte på kafé når ein har ringt seg inn sjuk på jobb?

- For mange år sidan gjekk eg til ei synsk dame som lærte meg ein teknikk
