Eli Kari Gjengedal:

Eg har beint fram ikkje lukkast med noko eg har prøvd å vere

Og gjett om eg har prøvd å vere ei spennande dame med knallraud leppestift.

ELI KARI GJENGEDAL: Tenk på alle dei som ikkje gjev seg sjølve lov til å leve eit meinings­fullt liv kun fordi dei skal tekkast andre? FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Tenk på alle dei som ikkje gjev seg sjølve lov til å leve eit meinings­fullt liv kun fordi dei skal tekkast andre? FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Då eg for nokre år sidan var deltakar på «Farmen» (for dei som ikkje veit det, så er «Farmen» eit tv-program der ein ­prøver å leve slik som dei gjorde for 100 år sidan på gardane her i landet), snakka vi ein del om dette. Om å være seg sjølv. Akkurat som om det er så forbaska vanske­leg … eller?

Då vi sat rundt bordet på «Farmen» og skulle lytte til korleis folk hadde posisjonert seg for å kome så langt som mogleg i programmet, så gjekk det mykje i det same. «Eg har prøvd så godt eg kunne å være meg sjølv», laud det.

Etter denne samtalen sa Øde ­Nerdrum, som også var deltakar på «Farmen», til meg: Kva er greia med at ein skal få applaus for å være seg sjølv? Det kan då ikkje være så voldsomt vanskeleg? Det er då verdas enklaste ting. Ein er jo stort sett seg sjølv.

Der synest eg Øde hadde eit godt poeng. Det må då kunne være enkelt å være seg sjølv på godt og vondt? Er det ikkje mykje vanskelegare å ikkje være seg sjølv? Og ­kvifor skulle ein ikkje være seg sjølv? Det er då ein menneskerett, spør du meg. Men så enkelt er det ikkje. Mange føler at dei må være det som folk forventar at dei ska være. Dei kjenner seg nøydde til å oppfylle ­andre sine forventningar. Det er ei skam at det er slik. Tenk på alle dei som ikkje gjev seg sjølve lov til å leve eit meinings­fullt liv kun fordi dei skal tekkast andre? Eg vert provosert og svært lei meg over at mange ­kjenner det slik.

Litt mykje Eli Kari

Her for litt sidan traff eg ei tidlegare bygdejente frå oppveksten min på Leikanger. Ho kunne fortelje meg at det hende ho ikkje fortalde om kjekke ting ho hadde opplevd på turar og så vidare, fordi dei andre i bygda ikkje skulle reagere med å seie at ho ikkje skulle tru ho var noko meir enn dei berre fordi ho hadde teke ein tur utanlands. Ho var rett og slett redd bygdedyret. Det er jo hårreisande. Tenk at vi er så opptatte av kva andre seier og meiner om oss at vi ikkje er 100 prosent ærlege mot oss sjølve?

Eg, derimot, har eit motsett problem: Eg synest sjølv at eg til tider er så mykje Eli Kari at eg gjerne vil vere noko anna enn meg sjølv innimellom. Gjett om eg har prøvd å være kul, har prøvd å være rocka, har prøvd å være ei spennande dame med knallraud leppestift. Men eg klarer det berre ei kort stund før sjølvaste Eli Kari bryt gjennom og øydelegg heile planen.

Ver deg sjølv

Eg har beint fram ikkje lukkast med noko eg har prøvd å være. Eg maktar rett og slett ikkje å være noko anna enn gode gamle Eli Kari på godt og vondt. Eg er ei slik som vil og vil, men ikkje får det til. Eg hugsar ein gong eg hadde fått for meg at eg skulle studere Bibelen. Eg sat med den i handa og skulle prøve å være teologisk av meg.

KVINNER OG KRONER: Forbrukerøkonom i Storebrand, Cecilie Tvetenstrand, og KK-redaktør Ingeborg Heldal hjelper deg å ta gode økonomiske valg i hverdagen. Kvinner og kroner er et samarbeid mellom KK og Storebrand. Video: Storebrand Vis mer

Eg starta med Det gamle testamentet og Fyrste Mosebok og kjende meg svært så religiøs. Brått oppdaga eg at eg sat og knaska på eit grønt eple medan eg las om slangen i paradis. Snakk om dobbeltspel … Nei, eg trur eg skal lytte til det mest brukte rådet eg veit, nemleg: Vær deg sjølv, så går det stort sett bra!

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet