FREDRIK STEEN: Dersom eg er i tvil om klemming er innanfor, så let eg det heller vere. FOTO: John Andresen
FREDRIK STEEN: Dersom eg er i tvil om klemming er innanfor, så let eg det heller vere. FOTO: John Andresen Vis mer

Fredrik Steen

- Eg har dansa limbo og tydd til gymnastiske triks for å unngå tvangsklemming

Når er det eigentleg greitt å klemme folk, undrar komikar og KK-skribent Fredrik Steen.

Eg klemmer gjerne folk rundt meg - både kvinner og menn, men ikkje i utrengsmål. For meg fungerer klemmen som ei bekrefting på at ein har knytt eit band, at ein har delt noko med kvarandre som betyr noko.

Familie og vener klemmer eg sjølvsagt stadig vekk, men for heilt nye kjenningar er regelen ganske enkel: Dersom eg er i tvil om klemming er innanfor, så let eg det heller vere.

Hakket verre enn å gi nokon ein high five som vert hengande i lufta, er ein klem med same merkelapp. Større statusfall skal ein leite lenge etter.

Sjølv har eg dansa både limbo og gjort ulike gymnastiske triks for å unngå tvangsklemming. For begge må føle at klemminga er ok, ikkje sant?

LES OGSÅ: Å heisan, du snakkar dialekt! Så artig!

Tvangsklemming

For nokre år sidan gjorde eg eit jobbprosjekt som tok omtrent ei vekes tid. Han eg samarbeidde med var både hyggeleg og artig, men det var ikkje noko spesielt med jobben. Vi hadde på ingen måte gått gjennom eld og vatn for å få prosjektet i hamn, og vi hadde heller ikkje opna opp hjarta våre og delt lengt og draumar med kvarandre. Det var noko så enkelt som grei skuring og rein rutine.

Likevel innførte denne karen tvangsklemming frå første stund – kvar morgon når eg kom, og kvar ettermiddag når dagens økt var over. Eg forsøkte så godt eg kunne å finne på andre ting å gjere når eg merka at klemmen var på veg, og strekte meg både etter jakker, ladeledningar og tome kaffikoppar for å unngå klemming. Men denne karen kom etter meg som ein klegg. Du veit - slike som berre hektar seg på trynet ditt som ein varmesøkande rakett.

Då måtte eg berre gje opp, og han fekk klemmen sin likevel. Men eg hadde jo ikkje lyst til å klemme, og nettopp difor vart det mange sveitte klemmar den veka.

Venene mine og familie får sjølvsagt klem heile tida, men om det har gått for kort tid sidan førre møte, kan det oppstå situasjonar der ein er usikker på om klemming er innanfor eller ikkje. Her tenker eg at vi kan innføre ein 48-timersregel, så slepp vi så mykje styr.

Ein god ven og kollega frå underhaldningsbransjen og eg har ein fin og tydeleg uttalt regel: Klemming forekjem utelukkande på runde bursdagar og på gode premierar. For oss fungerer det kjempefint, og heldigvis er vi samstemde.

LES OGSÅ: Fredrik Steen om napping av bryn: Tenk deg GODT om!

Kjendisklemmen

Men det er to typar klemmar eg verkeleg vil til livs. Den første av desse er kjendisklemmen. Kjendisklemmen er ein pussig variant som har slått rot i gamlelandet dei siste to tiåra. Han kjem ofte opp i direktesende talkshows med høg underhaldningsfaktor og perlande kvitvin til publikum.

Det farlege med kjendisklemming er at dei som ikkje er så gira på slikt fort framstår som kjipe og rare. Og ingen har jo lyst til å skape dårleg stemning midt i gullrekka. Difor klemmer alle gjestane programleiarane i hytt og pine, trass i at dei garantert har helst på kvarandre i god tid før sendinga starta. Vi minner her om 48-timarsregelen.

Dagsrevy-klem

Kjendisklemmen kan òg trygt kallast live on tape-klemmen, og kan opplevast på Senkveld, Ylvis, Lindmo og slike program. Det er altså viktig å presisere at kjendisklemming stort sett berre foregår i TV-program med høg underhaldningsverdi. Eg har til gode å sjå Ingvild Bryn i Dagsrevyen starte ein debatt mellom Siv Jensen og Jonas Gahr Støre med litt heftig kjendisklemming.

«Kom igjen, Siv og Jonas! La oss ta ein skikkeleg Dagsrevy-klem før vi diskuterer bompengar!»

LES OGSÅ: Skal eg miste taleretten min om kvinneundertrykking berre fordi eg er mann?

EKTE KLEM: Slik skal ein klem sjå ut, meiner KK-spaltist Fredrik Steen som vil den såkalte Brother-klemmen til livs. FOTO: Scanpix
EKTE KLEM: Slik skal ein klem sjå ut, meiner KK-spaltist Fredrik Steen som vil den såkalte Brother-klemmen til livs. FOTO: Scanpix Vis mer

Brother-klemmen

Den kleinaste av alle klemmane er likevel brother-klemmen. Brother-klemmen kjem direkte frå Amerika og er ein klem i forkledning; ein lureklem - ein klem i fåreklede. Brother-klemmen gir nemleg først inntrykk av å vere ein heilt vanleg klem, men dei som driv med slikt tek berre tak i skuldrane til den andre og ristar lett. Det er altså inga kinnkontakt, noko som eg meiner er eit kvalifikasjonskrav til ein ektefødt klem.

Det er utelukkande menn som driv med brother-klemming, og klemmen har garantert oppstått som eit resultat av homofobi. Litt søtt er det jo, då. Menn vil gjerne vise kvarandre at dei skapar band seg imellom, men ikkje for mykje, må vite. Ein vil jo ikkje framstå som femi heller, liksom.

Eg fekk nyleg ein brotherklem frå ein kollega i bransjen, og er ikkje heilt meg sjølv enno. Eg vil heller gjørmebryte med folk enn å brother-klemme dei. Gje meg heller i så fall ein ekte klem, kinn mot kinn, bryst mot bryst, hardt og godt.

Det finst visstnok vitskapleg prov på at ein god og fast bamseklem som varar over 20 sekund skapar varige band og gjer noko med den mellommenneskelege kjemien. Dette er musikk i mine øyre, og eg har gitt ungane mine tydeleg beskjed om at dei skal få bamseklem av meg til langt inn i evigheita.

Vi burde kanskje alle klemme meir, men vi må bruke radaren før vi slepp oss lause. Før du veit ordet av det er du A-kjendis og må klemme Stian Blipp eller Anne Lindmo. Ikkje kom og sei at eg ikkje åtvara dykk.

LES OGSÅ: - Å ringe på hos folk utan avtale er blitt nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar.

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: