Eli Kari Gjengedal:

Eg har hatt hunde­skrekk heile livet

Når eg prøver å finne ei forklaring på kvifor eg har ein slik ibuande skrekk inni meg, er det to ting som peiker seg ut.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Det er utruleg viktig å utfordre seg sjølv på ting ein ikkje meistrar så godt. Gjett om det er ei ­enkel løysing å unngå ubehagelege situasjonar eller berre overlate jobben til andre i slike tilfelle.

Eg, for eksempel, har hatt hundeskrekk heile mitt liv. Ein kan undre seg på kvifor ei heilt vanleg jente, som i utgangspunktet er glad i dyr, har ein slik ibuande skrekk inni seg. Når eg prøver å finne ei forklaring, er det to ting som peiker seg ut.

Det eine er det ein kan kalle angst som smittar. Altså, ein angst som blir overført frå ein person til ein annan. Mora mi var forferdeleg redd for hundar, det er mogeleg at eg berre overtok den frykten. Vaksne er trass alt rollemodellar, og når ein ser mora si bli stiv av skrekk kvar gong ein hund kjem hoppande, så skjer det nok noko med deg, vil eg tru.

Det andre er ei hending då eg var omkring sju år. Ein sommarkamerat av meg var og rota oppi matskåla til ein hund som var svolten, og nasen hans vart biten av. Han vart naselaus, og kvar gong eg såg han om somrane etterpå, så hadde han ein nase­tupp av plast. Ein vart heile tida minna på ulykka med hunden.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer