Eli Kari Gjengedal:

Eg har tenkt å kaste ut ein brannfakkel, folkens. Dette er noko eg har tenkt på lenge

Korleis kan vi kvinner i 2023 gå rundt og meir eller mindre bekrefte at vi blir mindre attraktive med åra?

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Eg har i dag tenkt å kaste ut ein brannfakkel, folkens. Fordi dette er noko eg har tenkt på lenge.

Det er sjølvsagt i forbindelse med at vi alle går same vegen. Nemleg oppover i ­antall år. Minuttane, timane, dagane og åra går, og vi blir eldre og eldre. Det er ingen veg utanom, og det gjeld for alle, uansett kjønn, kultur eller farge. Vi blir alle etter kvart både meir rynkete og gråare i håret, eller tynnare i håret, om du vil. Vi blir lutare og svakare. Vi blir rett og slett eldre.

Spørsmålet eg lurer på denne gongen, er: Kven i all verda er det som har funne på at menn vert finare og finare med alderen, medan vi kvinner vert mindre og mindre attraktive? Kvifor er det flott med gråstenk og rynker på menn og ikkje på kvinner? Kven i all verda er det som har funne på dette?

For nokon må jo ha gjort det, sagt det og fått det til å bli ei slags sanning. Eg har spurt fleire eg kjenner dette spørs­målet. Og veldig ofte er første svar: Det er selvfølgeleg ein mann sin påstand. Kven elles? Det er for det meste vaksne menn som finn seg ei yngre dame. Og kvifor det? Ein vil ha ei juicy, fruktbar dame. Rynker og gråstenk symboliserer ikkje så veldig sexy eigenskapar hos ei kvinne, akkurat, blir det sagt. Men ­kvifor symboliserer desse såkalla usexy aldersteikna det ­nøyaktig motsette for menn?

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer