Juletradisjonar skal ein ta på høgaste alvor, og ein skal ha stor respekt for dei som elskar jula, eller er «julete», som mange kallar det. For nokre er ikkje jula så viktig. Kanskje har ein opplevd triste ting i jula. Mista nokon kjære, vore utsett for rus og fyll eller vald. Dei som ikkje likar jula, skal ein også respektere og ta på høgaste alvor.
Eg er ei slik ei som er veldig glad i jula. For meg betyr det varme og kjærleik. Forventningar og julekos. Julegåver og julenissar i alle variantar. Eg gler meg til juleklokkene kimar frå kyrkja og Sølvguttene synger jula inn klokka 17.00.
Eg er ei slik ei som gjerne vil at julekvelden skal være akkurat slik eg hugsar at den var da eg var lita. At det var trygt og godt med tussar og troll i juleheftene, mandel i grauten og pinnekjøt på trykkokaren, medan eg kosa meg med heimelaga risbollar og julebrus framfor peisen. Men det er ikkje alle som har det slik.
Annonsørinnhold
LYKO
Du påfører vel ikke parfyme her?(Det har dessverre vi gjort!)
i samarbeid med LYKOEg hugsar så godt ein episode eg hadde på jobb. Det var veslejulaftan, og eg skulle straks på lufta og melde julevêret. Eg var beint fram i julefistel fordi det kom til å lave ned med snø på julemorgonen, og dette gleda eg meg sånn til å fortelje på vêrmeldinga. Eg stod der og trippa medan eg prata i aust og vest om korleis eg gleda meg til jul. Så merka eg brått at ein av kollegaene mine ikkje sa så mykje til all julebegeistringa mi. Derfor spurde eg han om han ikkje gleda seg til jula, han også?
Da fekk eg til svar at han beint fram hata jula. Han hadde så mange dårlege minner frå julefeiringa dei hadde hatt heime da han var liten, at han ikkje hadde feira ei einaste jul etter at han vart vaksen. Han fortalde om tallerkenar som hadde floge gjennom lufta under julemiddagen og foreldre som låg og sov ut fylla når dei små endeleg skulle opne julegåvene sine.

- Kan vi ikke bare slutte å gi hverandre brutte løfter til jul?

Eg vart så forskrekka og forferdeleg lei meg på vegner av han som fortalde om alt dette triste. Tenk at det er slik at små barn i fine Norge kan ha det så ille på julekvelden. Eg fekk det midt i fleisen!
Etter denne gongen tenkjer eg ofte på dei som ikkje har det så bra i jula, og kor utruleg heldig eg sjølv er som har opplevd så mykje fint kvar einaste julekveld i livet mitt. Både som born og ungdom og no som vaksen. Jula har alltid vore noko eg har gleda meg mykje til. Hugs på at det er ikkje berre på julekvelden det er folk som ikkje har det bra, mest sannsynleg er det slik året rundt i større eller mindre grad.
Derfor et mitt juleønske i år at vi alle skal ta enda bedre vare på kvarandre, vi skal bry oss så mykje at vi tek grep om vi har mistanke om at nokon ikkje har det bra heime. La oss legge lista litt lågare for når vi spør det ekstra spørsmålet om korleis ein har det, eller stikke innom ein ekstra tur om det er noko som skurrar.
Med dette juleløftet for meg sjølv ynskjer alle ei god og fredeleg jul.
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no
