Det å ha mot til å dra seg sjølv ut av komfortsona er ikkje ei enkel sak. Det er heller ikkje enkelt å definere kva som er komfortsona. Vi er alle så ulike og har individuelle grenser for kva vi ser på som skummelt eller ukomfortabelt.
Av og til kan det være fint å pushe desse grensene. Om ikkje anna så for å sjå kor grensa faktisk går. For enkelte kan berre det å ta ordet på eit møte være å pushe grensa, for andre kan det være å sette utfor ein bratt bakke i skiløypa. For nokre kan det være å ta bilen til byen for å lukeparkere eller ha mot til å invitere ein kjekkas på kaffe.
Ofte når eg gjer noko som eg kjenner eg er ukomfortabel med, gjenskaper eg den kjensla eg hadde då eg var tenåring. Vi stod på brygga nede ved Sognefjorden, og alle hoppa i det kalde fjordvatnet. Eg var livredd for det mørkeblå vatnet og ikkje minst for kva som kunne vere under vassflata. Fiskar som beit? Brennmanetar? Krabber? Kanskje det ikkje var flo nok slik at eg kunne treffe den skjellbelagte botnen og skjære opp fotblada mine på blåskjell? Helsike? Kanskje låg det eit rusta sykkelstativ og sprika der nede i djupet, og så ville det være typisk meg å bli spidda under dei kjølege bølgene? Altså, her låg det mange farer og lurte.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger