No høyres eg ut som ein obstanasig tenåring som ruslar ut i livet og trur eg veit best. Eg er trass alt ikkje heilt ferdig endå og har sjølvsagt mykje meir å lære. Berre sånn at det er sagt, eg er audmjuk.
Men attende til temaet. Oftare og oftare i møter, på jobb eller i sosiale samanhengar tenkjer eg: Så kjekt at de endeleg har kome fram til dette, det gjorde eg for 15 år sidan. Eg kan også verta litt sår over at den gong EG gjorde det same, så var det ingen som brydde seg. Men no, ja no er det brått både viktig og sjukt moderne. Eg kan også på andre sine vegner bli fornærma fordi eg ser at dei opplever det same. Altså, hallooo!
Eg brukte ordet bærekraft på slutten av 1980-talet! Då eg sat på skulebussen frå Leikanger til Sogndal og bestemte meg for å jobbe innan noko fornybart. Eg hadde klimafokus! Men timinga var vel kanskje ikkje den beste, det var kanskje litt for innovativt? No har det gått opp eit lys for både den eine og den andre. Heldigvis! Eg jublar og heier.
Dette var no berre eit eksempel. Det kan være erfaringar frå kvardagen også. Eg veit til dømes at dersom du set ein åpna pose nachos ytterst på kjøkenbenken medan du skal åpne ein boks med mais til fredagstacoen, så vil den posen mest sannsynleg tippe over, og du får nachochips utover heile golvet. Eg veit også at brødskive med syltetøy har for vane å deise på govet med syltetøyet fyrst. Eg kan også seie at Murphys lov er tindrande krystallklart til stades, og at masar du for mykje på typen, så stikk han til slutt. Det kallast livserfaring.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger