Å bruke kroppen er noko av det smartaste ein kan gjere for helsa si, både fysisk og psykisk. Eller for både kropp og sjel, som eg brukar å seie. Eg opplever at også søvnen blir betre dersom eg har brukt kroppen min godt ein dag. Ein lang og god tur med masse frisk luft i kupert terreng er som balsam for sjela.
I overgangsalderen er det mangt og mykje som kan oppstå av både fysiske plager og humørsvingningar. Søvnproblem og hjernetåke er også noko som oppstår.
Eg opplever ei ganske god hjernetåke (kan det være fordi eg har jobba med vær i åresvis, det med tåka, altså?). Eg gløymer og surrar på som berre det. Nokre gongar seier sonen min at eg er heilt umogleg som ikkje hugsar noko som helst. Eg har opplevd ikkje å få sove over fleire netter i strekk, og då kjem hjernetåka endå kraftigare sigande innover hovudet mitt. Men god søvn har eg erfart kan hjelpe på. Ei god natt med søvn kan redde inn så mykje. Men for å oppnå det må eg være trøytt når eg legg meg, og det er eg dersom eg har tatt meg tid til å bruke kroppen i løpet av dagen.

- Det var nok ikkje var tilfeldig at eg og sambuaren flytta frå kvarandre
Det er viktig å hugse på at det ikkje er alle som opplever plager i overgangsalderen. Som eg har skrive før, så er det 30 prosent av oss som er veldig plaga, medan resten har moderate plager eller merkar ikkje noko i det heile. Eg har høyrt damer som seier at dei hadde overgangsalderen ein onsdag for ti år sidan. Eg bøyar meg i støvet og gleder meg på deira vegne. Men for resten av oss vil eg gjerne kome med nokre råd:
Annonsørinnhold
LYKO
Parfymet-trikset går viralt—ogdu har alt du trenger i skapet!
i samarbeid med LYKOEg har merka meg at søvn og fysisk fostring er god medisin for å dempe overgangsplager. Ein ekspert eg snakka med, sa at styrketrening kanskje er det viktigaste ein gjer for kroppen, også i overgangsalderen. Ein held muskelmassen konstant og tåler ein støyt mykje betre. Tenk på alle dei som elskar å gå i fjellet. Laus grus, skjerpatrapper og sprikande røter kan lett bli eit problem kor ein tek knerten på ein ankel eller eit kne. Men har ein god og sterk muskelmasse rundt ledda, vil ein heilt klart stå betre imot om ein dett eller trakkar over. For ikkje å snakke om høge hælar. Ein kan lett vrikke ankelen når ein ruvar på 10 cm stiletthælar – gjerne med nokre glas boblar innabords.

Da Hege skulle føne håret åpenbarte det seg noe rystende
Elles er det mange som legg på seg når dei trer inn i overgangsalderen. Ved hjelp av trening er det lettare å halde vekta. For min eigen del handlar det også om at eg ikkje har så lyst til å hive innpå med chips og snop rett etter at eg har gått ein lang tur. Då fristar sunnare mat på ein heilt annan måte. Eg landar på at trening er eit godt våpen for å kome seg lettare igjennom overgangsplagene.
Dette til trass for at eg ikkje er så treningsglad av meg. Eg vil danse på høge hælar òg, då må eg ha nok kraft til å stå i skoene utan at eg stressar på meg ei heilt unødvendig hetetokt. Fram med manualar og joggesko, kjære kvinner.

- Da den femte familien slengte sammen en dobbel bolledeig, knakk jeg sammen i gråt

Slik gikk det da Ida skulle bli en 5 am-morning-girl
